Hopp til innhald

Dunstable

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dunstable
by
Klokketårnet og marknadsplassen.
Foto: Nigel Cox
Land  England
Region Bedfordshire
Distrikt Central Bedfordshire
Folketal 40 699 (2021)[1]
Postnummer LU5, LU6
Retningsnummer 01582
Kart
Dunstable
51°53′10″N 0°31′16″W / 51.886°N 0.52102°W / 51.886; -0.52102
Wikimedia Commons: Dunstable

Dunstable er ein liten by i Bedfordshire i England. Han ligg ved han romerske vegen Watling Street, som i dag heiter A5.

Byen er kjent frå romersk tid, då han heitte Durocobrivis. I 1290 var byen ein av stoppestadane for gravfølgjet for dronning Eleanor, som gjekk frå Harby i Lincolnshire til Westminster Abbey i London. Eit Eleanorkors vart reist til minne om dette. Han var ein viktig kjøpstad i mellomalderen, men mista mykje av tydinga si etterkvart som Luton voks.

Fleire bygningar frå mellomalderen er verna, blant anna Dunstable Priory, hovudkyrkja i byen, der Thomas Cranmer sette ned ein kyrkjeleg domstol som erklærte ekteskapet til Henrik VIII for ugyldig i 1533, og rett ved kyrkja ein pub, «The Norman King» som vart bygd omkring 1109 som del av landstaden til Henrik I.

Dunstable ligg på den austlege ytterkanten av Chiltern Hills, ei rekkje av kalkavsettingar som er klårt synlege når ein kjem til byen nordfrå.

Ein av dei viktigaste arbeidsplassane for Dunstable-innbyggjarane har vore Vauxhall-fabrikken i Luton, men denne vart nedlagt i 2002, og arbeidsløysa er difor forholdsvis høg.

Whipsnade Wildlife Park, ein dyrepark med frittgåande dyr, ligg like utanfor byen.

  1. ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dunstable