Hopp til innhald

Go A

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Go_A

Aktiv2012–
Sjangerfolktronica
PlateselskapMoon Records, Universal Music Polska

Go_A er eit ukrainsk folk-elektronikaband som består av vokalisten Kateryna Pavlenko, multiinstrumentalisten Taras Sjevtsjenko, gitaristen Ivan Hryhorjak og Ihor Didentjuk på blåseinstrument. I februar 2020 vann Go_A den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Solovej». Med sigeren skulle Go_A ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart tevlinga avlyst. I staden vedtok kringkastaren UA:PBC at Go_A skal representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Sjum».[1]

Go_A vart skipa i slutten av 2012.[2] Namnet Go_A spelar på det å gå attende til røtene eller start: «go» i tydinga å gå, medan A er den fyrste bokstaven i alfabetet.

Go_A kombinerer folkemusikk med moderne musikksjangrar, som dance og elektronika, ein kombinasjon som har vorte populær i Ukraina. Bandet har opptredd i ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, og bandet fekk ei hit med låten «Vesnjanka» som låg på den slovakiske hitlista for dance-låtar i seks veker.[2][3] I 2016 gav bandet ut debutplata #Idinazvuk.

Gruppa var relativt ukjend i Ukraina fram til 2020, då Go_A vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i regi av tv-kanalane STB og UA:PBC.[4][5] Gruppa deltok med songen «Solovej» (nattergal) og vann både jury- og telefonavrøystina. Med sigeren skulle Go_A representert Ukraina i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020.[2] På grunn av koronaviruspandemien såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Go_A skulle i staden deltake i Eurovision Song Contest 2021, men med ein annan song.[7] I februar 2021 vart det kunngjort at gruppa skulle delta med songen «Sjum» ('støy').[8]

  • Kateryna Pavlenko – vokal
  • Taras Sjevtsjenko – diverse instrument
  • Ivan Hryhorjak – gitar
  • Ihor Didentsjuk – det ukrainske fløyteinstrumentet sopilka og andre blåseinstrument

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel Detaljar
#Idinazvuk
  • Utgjeve: 7. desember 2016
  • Format: Digital nedlastning
  • Merke: Moon Records
Tittel År Album
«Sjtsjedryj vetsjir» 2017 Ikkje frå album
«Rano-ranenko» 2019
«Solovej» 2020
«Sjum» 2021

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Herbert, Emily (18. mars 2020). «Ukraine: Go_A Will Represent Ukraine at Eurovision 2021» (på britisk engelsk). Henta 20. mars 2020.
  2. 1 2 3 «Go_A will represent Ukraine in Rotterdam». eurovision.tv. 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
  3. ↑ «Go_A – Ukraina – Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 24. februar 2020.
  4. ↑ «Ukraine selects Go_A for Eurovision 2020 | KyivPost - Ukraine's Global Voice». 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
  5. ↑ «Go_A presents 'Nightingale' song for Eurovision 2020 Ukraine's National Selection» (på amerikansk engelsk). Arkivert frå originalen 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
  6. ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på bokmål). Henta 20. mars 2020.
  7. ↑ «Go-A to represent Ukraine at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
  8. ↑ «Ukraine's Go_A will sing "SHUM" at Eurovision 2021» (på amerikansk engelsk). 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021.