Hassium
| Basisdata | |||
|---|---|---|---|
| Namn | hassium | ||
| Symbol | Hs | ||
| Atomnummer | 108 | ||
| Plass i periodesystemet | |||
| Gruppe | periode 7, gruppe 8, overgangsmetall | ||
| Atomeigenskapar | |||
| Atomvekt | 271,13717±0,00032 atommasseeining | ||
| Elektronkonfigurasjon | [Rn] 5f¹⁴ 6d⁶ 7s² | ||
| Fysiske eigenskapar | |||
Hassium er eit kunstig, radioaktivt grunnstoff med atomnummer 108 og kjemisk symbol Hs.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hassium blei framstilt for fyrste gong i 1984 av ei tysk forskargruppe leia av Peter Armbruster og Gottfried Münzenberg ved Gesellschaft für Schwerionenforschung (GSI) i Darmstadt i Tyskland. Gruppa bombarderte ein 208Pb (bly) med 58Fe (jern)-kjernar, noko som gav tre atom av 265Hs:
Den tyske forskargruppa foreslo sjølv namnet «hassium» som er avleia av Hassias, det latinske namnet for Hessen, delstaten der forskingsinstitutt GSI ligg. Grunnstoffet fekk i fyrste omgang namnet unniloctum (kvasi-latinisering av tala en-null-åtte) og kjemisk symbol Uno, inntil IUPAC i 1994 anbefalte at det blei kalla hahnium etter den tyske kjemikaren Otto Hahn. Seinare, i 1997, blei namnet «hassium» anerkjent internasjonalt. Tidlegare er grunnstoffet også blitt kalla eka-osmium.
