Mamagama
| Mamagama | |||
| | |||
| Aktiv | 2021– | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | indiepop, alternativ rock, verdsmusikk | ||
| Instrument | vokal, bassgitar, trommesett | ||
Mamagama er eit musikkband frå Aserbajdsjan, skipa i 2021 i Baku. Bandet består av vokalist Asəf Mişiyev, gitarist Həsən Heydər og trommeslagar Arif İmanov.[1] Dei er kjende for sin unike miks av rock, pop og tradisjonell aserbajdsjansk musikk. Mamagama representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Run with U».
Karrieren
[endre | endre wikiteksten]Mamagama vart skipa i 2021 i Baku, og medlemmene hadde då frå før erfaring frå ulike musikkmiljø og ensemble.[2][3] Dei fekk raskt merksemd ved å opptre på fleire internasjonale musikkfestivalar.[4]
Vokalisten Asəf Mişiyev deltok i 2020-sesongen av songkonkurransen Golos, den russiske versjonen av The Voice, der han nådde «knockout»-runden på laget til Polina Gagarina.
I 2022 deltok Mamagama i Kënga Magjike, ein av dei største musikkfestivalane i Albania. Der vann dei førsteprisen i kategorien «Internasjonale artistar» med songen «Dreamer».[3] Seinare same år søkte dei om å få representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2023. Dei vart valde ut som eitt av dei fem finalistbidraga,[5] men den statlege kringkastaren İctimai Television (İTV) valde til slutt duoen TuralTuranX til å representere landet i Liverpool.[6]
Den 4. februar 2025 kunngjorde İTV at Mamagama hadde blitt internt valt til å representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2025 i Basel i Sveits.[4] Songen «Run with U» vart sleppt 19. februar 2025.[7] Dei opptredde i den fyrste semifinalen 13. mai, men kvalifiserte seg ikkje til finalen. Dei enda på 15. plass av 15 bidrag med 7 poeng – det dårlegaste resultatet Aserbajdsjan har fått i Eurovision Song Contest.[8]
Den 30. mai 2025 gav bandet ut debut-EP-en 37.
Musikalsk stil
[endre | endre wikiteksten]Mamagama blandar tradisjonelle musikkelement med moderne uttrykk, og tek inspirasjon frå indiepop og alternativ rock for å skape eit særeige og dynamisk lydbilete.[2][9]
Uttrykket til bandet er også prega av den kulturelle bakgrunnen til vokalisten Asəf Mişiyev – han er fjelljøde. Musikken hans ber påverknad frå jødiske artistar som Bob Dylan og Amy Winehouse, i tillegg til den rike musikkarven frå Aserbajdsjan. Resultatet er ei djup og emosjonell musikkoppleving med kulturell breidde.[10][11]
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Noverande
- Asəf Mişiyev – vokalist
- Həsən Heydər – bassgitarist
- Arif İmanov – trommeslagar
- Roman Zilyanev – gitarist
- Tidlegare
- Klim Gudin – bassgitarist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Azerbaijan unveils its official entry for Eurovision Song Contest 2025». Apa.az (på engelsk). Henta 20. februar 2025.
- 1 2 «Mamagama». Genius. Henta 4. februar 2025.
- 1 2 «Aserbaidschan tritt mit der Gruppe Mamagama beim Eurovision Song Contest 2025 in Basel an» (på tysk). 4. februar 2025. Henta 4. februar 2025.
- 1 2 «Mamagama will represent Azerbaijan at Eurovision 2025». 4. februar 2025. Henta 4. februar 2025.
- ↑ Anthony Granger (2. februar 2023). «Azerbaijan: Five Acts in Contention for Eurovision 2023 Revealed». Henta 11. mars 2023.
- ↑ Neil Farren (9. mars 2023). «Azerbaijan: TuralTuranX to Eurovision 2023». Henta 11. mars 2023.
- ↑ «Azerbaijan: Mamagama's song for Eurovision 2025 released – Listen to "Run With U"». Eurovisionworld (på britisk engelsk). 19. februar 2025. Henta 19. februar 2025.
- ↑ Holdiness, Timothy (13. mai 2025). «Eurovision 2025 Semi-Final One Qualifiers». ESCXTRA (på britisk engelsk). Henta 14. mai 2025.
- ↑ Antonio Adessi (4. februar 2025). «Eurovision 2025: i Mamagama rappresenteranno l'Azerbaigian» (på italiensk). Eurofestival News. Henta 4. februar 2025.
- ↑ Heller, Mathilda (13. februar 2025). «Azerbaijan chooses Mountain Jewish singer as Eurovision 2025 entry». The Jerusalem Post (på engelsk). ISSN 0792-822X. Henta 19. februar 2025.
- ↑ i24NEWS English (17. februar 2025). Jewish singer selected to represent Azerbaijan in Eurovision. Henta 19. februar 2025 – via YouTube.
{{cite AV media}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
- Denne artikkelen bygger på «Mamagama» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2025.