Narsaq
| Narsaq | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kommune | Narsaq kommune | ||
| Folketal | 1 346 (1. januar 2020)[1] | ||
![]() Narsaq 60°54′44″N 46°02′55″W / 60.912222222222°N 46.048611111111°W | |||
| Wikimedia Commons: Narsaq | |||
Narsaq er den einaste byen i Narsaq kommune sør på Grønland. Han er også det administrative sentrumet til kommunen. Byen ligg i sundet mellom Tunulliarfik (dansk Skovfjorden) og Sermilik (dansk Bredefjord). Byen har ca. 1 740 innbyggjarar (2006). Heile kommunen har i alt 2 050 innbyggjarar.
Ordet Narsaq betyr «sletta», og viser til den grøne sletta byen Narsaq ligg på.
Byen blei grunnlagd som handelsstaden Nordprøven i 1834, i kolonien Julianehåp (dansk: Julianehåb, no Qaqortoq). Handelsstaden blei lagt her på grunn av gode hamneforhold, ved at vatnet var så djupt at båtar kunne leggja til heilt inne ved stranda. Her kjøpte dei spekk og skinn frå lokale fangstfolk, og selde varer frå kontinentet, som kaffi, sukker, brød og gryn.
Fram til ca. 1900 var selfangst det viktigaste næringsgrunnlaget for Narsaq, men på byrjinga av 1900-talet svikta selfangsten, og folk gjekk meir over til fiske. På grunn av dette blei det også bygd eit fiskehus i byen i 1914. Dette huset blir i dag brukt av det lokale elverket. Befolkninga auka også i denne perioden; frå 25 i 1870 til 162 i 1919 og 300 i 1930. I 1953 stod reke- og fiskefabrikken klar, og dette gav ny vekst i Narsaq.
Byen har i dag eit saueslakteri, og husar også den grønlandske skulen for næringsmiddelhygiene (Inuili).
Dei andre tettstadene i kommunen er Igaliku, Qassiarsuk og Narsarsuaq, og dessutan mange mindre sauedriftstader. Qassiarsuk var heimstad for garden til Eirik Raude gard, og den fyrste kyrkja i Nord-Amerika. I norrøn tid var staden kjend som Brattalid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Statistikbanken». Henta 12. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Narsaq» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juni 2025.
