Hopp til innhald

Pistoia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pistoia
by
Land  Italia
Region Toscana
Provins Pistoia
Høgd 65 m
Areal 236,17 km²
Folketal 88 990 (1. september 2025)[1]
Postnummer 51100
Retningsnummer 0573
Kart
Pistoia
43°56′00″N 10°55′00″E / 43.933333333333°N 10.916666666667°E / 43.933333333333; 10.916666666667
Wikimedia Commons: Pistoia

Pistoia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pistoia i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km vest og nord for Firenze.

Hertugpalasset i Pistoia.

Pistoria (stundom òg Pistorium eller Pistoriae på latin) var eit senter for dei gallarar, ligurarar og etruskarar før han vart ein romersk koloni på 500-talet fvt., langs den viktige vegen Via Cassia. I 62 fvt. vart demagogen Catiline og tilhengarane hans slakta i nærleiken. Frå 400-talet vart byen eit bispesete og under langobardane vart han ein kongeleg by med fleire privilegium. Gullalderen til Pistoia starta i 1177 vart staden erklært ein fri kommune og dei neste åra vart han eit viktig politisk senter, det vat reist bymurawr og fleire offentlege og religøse bygg.

I 1254 mista ghibellinarane i Pistoia makta til guelfarane i Firenze. Pistoia vart verande under Firenze bortsett frå ein kort periode på 1300-talet då Castruccio Castracani erobra han for Lucca. Han vart offisielt annektert til Firenze i 1530. På 1300-talet var Ormanno Tedici ein av herrane i byen.

I 1786 vart eit kjent jansenisme-råd halde i Pistoia.

Dante nemnde byen i Divina Commedia som heimstaden til Vanni Fucci, som ein møter i Inferno samanfiltra i ein knute av slangar med han forbanner Gud.

Pistoia har gjeve namn til pistolen,[2] som vart produsert her på 1500-talet. I dag er han derimot mest kjend for dei mange hagane som ligg rundt byen og blomstermarknaden.

  1. ↑ . Istituto nazionale di statistica https://demo.istat.it/?l=it. Henta 2. januar 2026. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ http://www.etymonline.com/index.php?search=pistol&searchmode=none

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pistoia