Hopp til innhald

Schibsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schibsted

Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.933739384
BransjeRubrikkannonse
Skipa1839
DotterselskapLBC France, FINN.no, Huitfeldt Forlag, Adevinta, blocket, Den Blå Avis, BilBasen, Oikotie
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarKarl-Christian Agerup (12. juli 2022)[1]
Adm.dir.Christian Printzell Halvorsen
Nettstadhttps://vend.com (engelsk)

Schibsted (OSE: SCH) er det største mediekonsernet i Noreg, og ein av dei leiande medieaktørane i Skandinavia. Konsernet har etablerte produkt og rettar innanfor media som avis, fjernsyn, film, forlag, multimedia og mobile tenester. Hovudkontoret ligg i Oslo og det meste av verksemda er knytt til Noreg og Sverige.

Selskapet vart grunnlagt av Christian Schibsted i 1839 då han starta ei lita verksemd som boktrykkjar i Oslo. Schibsted overtok eigarskapet til Verdens Gang i 1966, då avisa var i finansielle problem. I 1988 vart det til då familieeigde selskapet omlagt til aksjeselskapsforma og det vart oppretta ulike dotterselskap. I dag eig Schibsted mellom anna Verdens Gang, Aftenposten og Avis1, og er deleigar av svenske Aftonbladet (49,9%), TV 2 (33,3%), Svenska Dagbladet, Metronome Film & Television AB (60%) og Sandrew Metronome (50%).

Konsernet vart børsnotert i 1992. Konsernsjefar har vore Kjell Aamot (1989-2009), Rolv Erik Ryssdal (2009-2018) og Kristin Skogen Lund (2018-2024).

Schibsted ASA er eigd av:

  • Blommenholm Industrier AS ved Tinius Nagell-Erichsen (26,1 %)
  • State Street Bank (10,7 %)
  • Folketrygdfondet (8,2 %)
  • Capital Research (6,6 %)
  • Marathon Asset Management (6,1 %)
  • Mellon Bank (6,0 %)
  • Andre eigarar (36,2 %)

Schibsted ASA eig dette innan norsk presse og fjernsyn:

Andre selskap Schibsted eig:

  1. ↑ https://w2.brreg.no/kunngjoring/hent_alle.jsp?kid=20240000517840&sokeverdi=933739384&spraak=nb. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]