Hopp til innhald

Tavle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Assyrisk leirtavle med eit brev.

Tavle (norrønt tafla, frå latin tabula) er ei rektangulær flate som kan brukast til å skriva, teikna eller oppbevara ting på.[1]

Tavler har vore brukt gjennom historia til å hogga eller rissa inn eller skriva ned tekst på. Leirtavler er særleg kjende for kileskrift frå Midtausten, og er kjelde til mykje kunnskap om språk og kultur frå oldtida.[2][3][4] Annan tekst kunne hoggast inn på steintavler. Ifølgje Bibelen var Dei ti bodorda opphavleg skrivne ned på steintavler.[5]

Dei gamle grekarane og romarane brukte gjerne tretavler til å skriva brev på. Skriftflata var dekka med voks. Ein skreiv ved å rissa i vokslaget med ein spiss griffel av metall.[6] Seinare tok ein i bruk skifertavler som ein skreiv på med griffel eller krit.

Undervising

[endre | endre wikiteksten]
Grøn veggtavle i eit tysk klasserom. Hovudtavla har sidetavler ein kan slå ut. På veggen til venstre er det montert ei whiteboardtavle, det vil seia ei kvit tusjtavle.

Ein har brukt tavler mykje i undervising, med ei tavle fremst i klasserommet for læraren til å skriva og laga figurar på og mindre tavler for kvar elev til å kopiera eller øva seg på. Tradisjonelt har lærartavla vore svart eller grøn og ein har skrive på henne med kvitt krit. I nyare tid har ein også teke i bruk kvite tavler, whiteboard, som ein kan projisera bilde og skriva med tusj på, eller ei smarttavle eller interaktiv tavle som verker med ein datamaskin.

Andre tavler

[endre | endre wikiteksten]

Ei tavle kan vera ei plate ein har måla bilete eller skrive varig tekst på. Altartavle er til dømes ei slik tavle ein kan ha bake eit altar i ei kyrkje. Hustavle kan vera ei tavle med reglar for ein huslyd.

Tavler kan også brukast til å henga ting på, som bilde og meldingar på ei oppslagstavle eller ein flanellograf.

Tavler for ulike instrument og brytarar kan vera apparattavle, brytartavle, instrumenttavler eller kontrolltavler.[7]

  1. ↑ «tavle» i Nynorskordboka.
  2. ↑ Groth, Bente (21. februar 2019). «epigrafikk – midtøsten». Store norske leksikon (på norsk).
  3. ↑ Barstad, Hans M.; Groth, Bente (12. april 2018). «Gilgamesh». Store norske leksikon (på norsk).
  4. ↑ Mæhlum, Lars (18. september 2015). «linear B». Store norske leksikon (på norsk).
  5. ↑ Groth, Bente (29. juni 2017). «De ti bud – jødedom». Store norske leksikon (på norsk).
  6. ↑ «brev – historie». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
  7. ↑ «%tavle» i Nynorskordboka.