Torquay
Utsjånad
| Torquay | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Devon | ||
| Distrikt | Torbay | ||
| Areal | 12,41 km² | ||
| Folketal | 48 563 (2021) | ||
| Postnummer | TQ1-2 | ||
| Retningsnummer | 01803 | ||
![]() Torquay 50°27′45″N 3°31′41″W / 50.4625°N 3.5280555555556°W | |||
| Wikimedia Commons: Torquay | |||
Torquay er ein by på sørkysten av England i grevskapet Devon. På 1800-talet vart det ein populær badeby, kjend for det helsebringande klimaet. Han er administrasjonssenter for den sameinte styresmakta Torbay.
Torquay er fødestaden til kriminalforfattaren Agatha Christie. Fotballaget Torquay United spelar i Football League Two.
Handlinga i TV-serien Hotell i særklasse, der mellom andre John Cleese medverka, er lagt til Torquay, sjølv om innspelinga faktisk føregjekk i Cambridge, Berkshire og Bedfordshire.
Byen er populær for elevar som reiser på språkskule om sommaren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torquay» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.

