Hopp til innhald

Tostada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tostada i lag med bønner, queso fresco, tomato og koriander.

Tostada (spanske uttale tosˈtaða, bokstaveleg ‘rista’) er ulike rettar i meksikansk og guatemalansk mattradisjon basert på rista tortillaer.

Tostadarettar er generelt ein flat eller skålforma tortilla som er rista eller fritert, men kan òg vera ein rett som bruker tostada som grunnlag.[1] Dei kan etast for seg eller brukast som grunnlag for andre rettar. Vanlegvis bruker ein maistortilla til tostada, men det finst òg tostada laga av kveite eller andre råvarer.

Reketostada
Tlayuda frå Oaxaca.
Reketostada servert frå ei tacobu i Oakland i California i USA.

Nett som ei gammal brødskive kan smaka betre om ho blir rista, kan ein gamal tortilla gjerast om til ein velsmakande tostada ved å frityrsteika han i olje til han gyllen, stiv og sprø. Kommersiell tostada likner tortillachips i smak og konsistens.[2]

Tostada er ein eigen rett i Mexico og Sørvest-USA og blir òg servert i lag med ulike meksikanske rettar, særleg sjømat og stuingar som menudo, birria og pozole. Retten finst over heile Mexico.

Oppå ein tostada kan ein ha same type fyll som ein brukar til taco: bønner, ost, rømme, hakka salat, hakka lauk og salsa som grunnlag og deretter eit topplag med hakka og steikt kjøtt, vanlegvis kylling eller grisekjøt, men også storfekjøt. Det er òg populært med sjømat som tunfisk, reke, krabbe, hakka blekksprit og ceviche. Vegetariske tostadaer finst òg, men er ikkje så vanlege. På grunn av den skrøpelege naturen til ein tostada må hovudfyllet (vanlegvis bønner eller rømme) vera klistrete nok til å halda seg på tortillaen, og hald på det andre fyllet eller garnityret så det ikkje fell av medan ein et. Oaxaca-regionen er kjend for den store tlayuda-tostadaen sin, som er stor som ein pizza og som nokre gonger har steikte chapulines (ein type grashopper) som fyll.[3]

Tostada kan vera ein forrett (botana) der tortillaen blir skoren til små trekantar ein kan dyppa i salsa, guacamole, bønner, rømme, kremost eller eta med chile con queso. Denne versjonen av tostada har opphav både i totopos de maiz og New Mexico- og texmex-tradisjonar.

I Guatemala lager ein ofte tostada med svarte bønner, persille, kjøtdeig og curtido.

  1. ↑ Rick Bayless, JeanMarie Brownson & Deann Groen Bayless (2000). Mexico One Plate At A Time. Scribner. s. 62–70. ISBN 0-684-84186-X.
  2. ↑ Isabel Hood (2008). Chilli and Chocolate. Troubador Publishing Ltd. s. 67. ISBN 9781906510923. Henta 4. april 2018.
  3. ↑ Lonely Planet (2017). From the Source - Mexico: Authentic Recipes From the People That Know Them the Best. Lonely Planet. ISBN 9781786578945. Henta 4. april 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tostada