Hopp til innhald

Urskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urskog med sequoiatre (redwood) i Redwood National Park i California.
Natrurresevatet Vällingsjö urskog i Sollefteå kommune i Sverige.

Urskog eller primærskog er skog som har vore upåverka av menneske. I strengaste forstand er han definert som som skog det aldri har vore utført skogbruksaktivitet i. Ein slik urørt skog er blitt danna gjennom naturleg forynging på urørt skogsmark, og som derfor gjerne inneheld ein høg del eldre og døde tre i ulike aldersstadium. Urskog er prega av å vera utan betydelege forstyrringa og har såleis unike økologiske trekk. Han kan klassifiserast som eit klimakssamfunn, det vil seia eit stabilt økosamfunn der samansetjinga av vegetasjon er i likevekt (sjå også suksesjon og klimaksfasen).[1][2]

Urskog er også skog som ikkje er blitt utsett for menneskelig utnytting, som jordbruk og skogbruk, anna enn hogging av einskilde tre.[3][4] Det er særs vanskeleg å finna skogar som innfrir dette kravet fullstendig, mellom anna av di hard storviltjakt og husdyrbeite vanlegvis vert rekna som påverknad. På somme tropiske øyer skal det finnast einskilde skogar i fjelllandskap som så vidt ein veit aldri har vorte utsett for menneskeleg påverknad.

Det motsette av urskog er kulturskog, skog skapt eller forma av menneske. Ein skogtype som kan minna litt om urskog er såkalla gammalskog eller naturskog, ein skog som ikkje er blitt utsett for menneskeleg verksemd eller påverknad på 160 år eller meir.[5] I økologisk forstand er desse skogane særs viktige, sidan mange artar er avhengige av at trea får lov å bli gamle. Når eit stort tre fell, vert det danna lysningar kor buskar, ungtre og urter kan spira fram og trivast. Ei rekkje dyr er dessutan avhengige av daude tre.

Mange urskogar er truga av øydelegging på grunn av hogst. Dette er ein trussel mot biologisk mangfald sidan det ikkje berre øydelegg urskogen, men også øydelegg habitatet til artane som er avhengig av han. Det er viktig for urskogen som biotop at trea får høve til å bli gamle. Når gamle tre fell blir det danna lysningar i skogen der buskar, unge tre og plantar kan spira fram og trivast. 1400 år er derfor ikkje ein uvanleg gammal alder for dei eldste trea i ein urskog. Urskogbiotopane har vidt forskjellig alder. Nokre er millionar av år gamle, medan andre har oppstått fyrst etter siste istid.

Romania har i dag den største overflata av urskog i Europa (om ein ser vekk frå Russland), totalt rundt 250 000 hektar (65 prosent), det meste i Karpatane.[6] Dei sørlege Karpatane utgjør det største ufragmenterte skogområdet i Europa.[7] I Skandinavia finst det mindre parti med urskog att, fyrst og fremst i fjellområde. Det er då som regel fjellbjørk og fjellnær barskog.

Rekorden for biologisk mangfald innanfor ein urskog ligg på 800 artar vedplantar på ein hektar. Dette er i dei tropiske regnskogane.

Urskog i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Det finst praktisk talt ikkje ekte urskog att i Noreg i dag, etter hundreår med utnytting av skog og utmark, gjennom husdyrbeiting og setring, tømmerhogst og utbygging av hytter og vegar. Somme lommer med skog som står tilgjengeleg til kan likevel vere så lite påverka av menneskeleg aktivitet at ein kan seie at skogen der er urskog.

  1. ↑ «Finnes egentlig økosystemer?», Evol.no
  2. ↑ White, David; Lloyd, Thomas (1994): «Defining Old Growth: Implications For Management», Eighth Biennial Southern Silvicultural Research Conference.
  3. ↑ «Skyddsvärda statliga skogar och urskogsartade skogar – Huvudrapport över uppdrag om naturvärdesbedömning och skydd av viss skog» Arkivert 10. mars 2016 på Wayback Machine. (Rapport 5339). Naturvårdsverket. s. 45-46. ISBN 91-620-5339-6
  4. ↑ «Frågor och svar om gammelskog – definitioner» Arkivert 13. mars 2016 på Wayback Machine., Skydda skogen.
  5. ↑ Rolstad, J., Framstad, E., Gundersen, V. & Storaunet, K. O. (2002): «Naturskog i Norge. Definisjoner, økologi, og bruk i norsk skog- og miljøforvaltning» Arkivert 11. mars 2016 på Wayback Machine. (PDF), Aktuelt fra skogforskningen, 1-2002, s. 1-53
  6. ↑ «Salvaţi pădurile virgine!» Arkivert 27. oktober 2011 på Wayback Machine. i: Jurnalul Național, 26. oktober 2011
  7. ↑ «Europe: New Move to Protect Virgin Forests» i: Global Issues, 30. mai 2011.
  • Berntsen, Bredo; Hågvar, Sigmund, red. (1991): Norsk urskog. Verdier – trusler – vern, Oslo: Universitetsforlaget; revidert utgave 2011: Norsk urskog og gammelskog, ISBN 9788274774711
  • Berntsen, Bredo; Hågvar, Sigmund, red. (2010): Norsk natur – farvel?, Unipub forlag, ISBN13 9788274774599
  • Gjerde, Ivar et al. (2009): Skoglandskapet - Miljøforhold og påvirkninger på rødlistearter, Trondheim: Artsdatabanken, ISBN 978-82-92838-17-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Urskog