Hopp til innhald

Zhang Hong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhang Hong


StatsborgarskapFolkerepublikken Kina
Fødd12. april 1988 (38 år)
Harbin
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 1000 meter damer

Zhang Hong (fødd 12. april 1988) er ein kinesisk tidlegare skeiseløpar som i 2014 vart olympisk meister på 1000 meter.

Zhang enda i januar 2011 på niandeplassen i sprint-VM i Heerenveen. Året etter kleiv ho opp på bronseplassen ved Skeise-VM 2012 i sprint-firkamp i Calgary, medan ho i sprint-verdsmeisterskapen 2013 i Salt Lake City kom på sjetteplass. Vinteren 2014 kneip ho sølvmedaljen under sprint-verdsmeisterskapen i Nagano, einast landskvinna Yu Jing var betre. Ei fire veker seinare, den 13. februar 2014, var Zhang i heilt eiga klasse på 1000-meteren under dei olympiske leikane i Sotsji, to dagar etter ho vart nummer 4 i OL-tevlinga over 500-meter.

Zhang var aktiv til 2023. Perioden 2018-26 var ho medlem den Internasjonale Olympiske Komiteen.