Eit nytt korstog vart raskt organisert, og allereie i oktober same Äret utsteda den nye paven, Gregor 8., eit dekret, audita tremendi, som autoriserte ein ekspedisjon austover og lova privilegiar til dei som tok korset. Ein mÄnad seinare, i november 1187 tok Rikard av Poitou, den seinare Rikard 1. av England, korset. Han fekk fÞlgje av Filip 2., konge av Frankrike og Fredrik Barbarossa, keisar av det tyske riket. FrÄ utstedinga av audita tremendi i oktober 1187 til juni 1190, dÄ Filip sette kursen austover, hadde systematisk preiking over heile Europa skapt ein ny entusiasme for korstogrÞrsla; bodskapen var lett Ä selja; tapet av Jerusalem og det heilage korset var sett inn i ei gammaltestamentleg ramme som understreka at reisa, i fÞlgje ei kjelde, var «av kjÊrleik til Gud, forlating for synder, og av respekt for kongar».
Og nettopp kongar spelar ei sentral rolle pĂ„ det tredje korstoget, ikkje berre som leiarar, men ogsĂ„ gjennom det presset Rikard, Filip og Fredrik kunne leggja pĂ„ adelen for Ă„ fĂ„ den til Ă„ delta. Dette er reflektert i storleiken pĂ„ hĂŠren som kanskje talde sĂ„ mange som 20 000 riddarar og 80 000 infanterisoldatar. Men den dominerande rolla til tre styrarar hadde ogsĂ„ ulemper, dĂ„ det i rĂžynda var tre separate ekspedisjonar som sette kursen austover â Fredrik og hĂŠren ferdast over land i 1189, medan Rikard og Filip tok sjĂžvegen i 1190.
Det fÞrste mÄlet var Acre; denne viktige byen ved kysten hadde kapitulert til Saladin etter berre to dagar i 1187. FrÄ august 1189 tok det heile to Är fÞr den var pÄ kristne hender att; tapstala var enorme; eit samtidig vitne hevdar at av styrken pÄ 12 000 som hadde kome sommaren 1189 var det berre hundre overlevande dÄ byen fall. Men problema var langt frÄ over; Fredrik mista livet i juni 1190 dÄ han var i ferd med Ä kryssa elva Saleph i SÞr-Tyrkia.
Like alvorleg var usemja mellom dei to attverande kongane Rikard og Filip â ei usemje som kom klĂ„rt til uttrykk ved at kongane forhandla separat med Saladin om overgjevinga av Acre. Bak denne usemja lĂ„g storpolitiske faktorar; dei to kongane stĂžtta kvar sin tronpretendent i Jerusalem. Det var ogsĂ„ storpolitikk, men no pĂ„ heimebane, som forklarar Filip si avgjersle om Ă„ trekkje seg frĂ„ korstoget; Filip av Flandern hadde nemleg mista livet ved Acre, og den franske kongen kunne sĂ„leis skaffe seg strategiske fĂžremoner nord i Frankrike ved Ă„ pĂ„verka valet av ny regent i Flandern.
Innleiingsvis mislykkast Rikard med Ä overtala sine allierte til Ä okkupera Askalon for dermed hindra Saladin i Ä fÄ forsterkningar frÄ det sÞrlege Palestina. SÊrleg for den franske kontingenten, no leia av hertugen av Burgund, bleikna Askalon samanlikna med Jerusalem: «den einaste grunnen til me har kome her frÄ vÄre eigne land er Jerusalem», hevda eit samtidig vitne. Igjen delte hÊren seg i nasjonale enklavar; ein komité vart sett ned for Ä avgjera om ein skulle gÄ til Ätak pÄ Jerusalem eller mot det sÞrlege Palestina.
SjĂžlv om komiteen stĂžtta Rikard sitt forslag, var det no kome opp andre moment som skulle bli utslagsgjevande. I tillegg til at den engelske kongen vart alvorleg sjuk, kom storpolitikk inn i biletet pĂ„ ny; Rikard hĂžyrde nemleg rykte om at engelske omrĂ„der i Frankrike var truga, noko som gjorde at det hasta med Ă„ koma fram til ei lĂžysing. Resultatet var ei treĂ„rig vĂ„penkvile som inkluderte ĂČg Antiokia og Tripoli, medan Palestina vart delt. VĂ„penkviler var i det heile teke den faktoren som regulerte samkvĂŠmet mellom kristne og muslimar i det heilage landet dei neste sytti Ă„ra.
Kommentarar (4)
skreiv Remi Skasberg Engen
svarte Marte Ericsson Ryste
skreiv Lars Nygaard
svarte Marte Ericsson Ryste
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.