2015-12-23

Luke 22 og 23

Kvelden før kvelden... Plutselig var me her, jula 2015. Veslejuleaftan er på tampen, og me har tradisjonen tru hatt "nissegraut" med mandel, jammen vart eg den heldige dette året. 
Ute er det regnvær i dag og, men julestemninga kjem sigande, også utan kvite markar. Ønsker deg som ser innom familieliv ei velsigna god og fredfull jul.








2015-12-21

Luke 21

I dag er det solsnu, og rett før Jul går det igjen mot lysare tider.
Dagens luke markerer dagen med nokre sommarminne
frå den herlige hyttestaden vår. Både to- og firbeinte nyt å koma
hit, ekstra fint er det når ein kan sitte på trammen og nyte
varmen i skuggen under bjørketreet. 




2015-12-20

Luke 19 og 20

Det fjerde lyset lyser i staken, og her er det sett strek for
kakebakinga til jul, nok er nok.
Ingen hemmelige oppskrifter dette året heller, verre for
stakkars Hildegunn, slik kan det også gå.
Eg synst det er gildt å dele, og ikkje minst gildt å få,
nye oppskrifter. Til Jul er det rett nok ganske tradisjonelt,
favorittane høyrer med:)

Juletre nr 1 er komt på fot, og er pynta og klart til Jul,
vart ganska fornøgde dette året og:)

I dag gled me oss til finale for handballjentene, me håpar
det går rette vegen, og kanskje litt mindre nervepirrande
enn i semifinala...Det blir fort litt høglytt her i gården når det
vert for spennande.

No er det to dagar igjen på jobb, så tenker eg det skal bli
godt med nokre fridagar og kos i lag med bestefamilien:)





2015-12-18

Luke 18

I dag har eg hatt gildt søskenbarntreff etter jobb:) Mat og prat og kaffi. 
Kvelden vidare vart ulidelig spennande med dei flotte hanballjentene. No er det berre å glede seg til søndag og finalekamp.. Vidare blir nok helga brukt til å førebu jula som plutselig er her, ein tur ut i juleregnet blir det nok og:)






2015-12-17

Luke 17

Ein komme ikkje utan om pakkedamen i julekalenderen,

også dette året til ære for alle som jobbar seint og tidleg for

at julehandelen skal rulle og gå. Kunne skreve nokre velvalgte

ord om kva eg meinar om søndags- og kveldsopne butikkar,

men let det være.

I dag har me fått frimerke på julekorta, og i morgon går dei

i posten til venner og familie. Det er gildt no denne tida

når det gjerne ligg eit koselig kort mellom reklame og rekningar.



2015-12-16

Luke 16

Det nærmar seg natt etter nok ein førjulsdag. Etter jobb var det juletreff

i turgruppa, stikkord er handling/smaking/drøs/, alltid gildt!

Elles er det veldig gildt å følle dei norske jentene i VM, og ekstra flott

med seier i kveld, etter ein litt for spennande kamp!

Sangen i dagens luke er ikkje akkurat typisk julesong, men likefullt nydelig

og god å ta med seg inn i natta.

2015-12-15

Luke 13,14,15

Plutselig vart det ugreie i kalenderen, søndag og mandag for avgarde utan lukeåpning, og no får dei slå seg i lag med nr 15. I helga var me på hytta ein tur, og søndagen kom med herlig vær. På veg heim køyrde me Sandsfjord Bruå for første gong. 
I går kveld var eg så heldig å få være med på juleverksted, ein nisse fekk være med heim, koselig stund!  
I dag var det nissefest i barnehagen, kjekke tradisjon som høyrer med til førjulstida, nissefar og nissemor kom og på besøk. 










2015-12-12

Luke 12

I dag har det vore vaske- og pyntedugnad i julehytta. Gode kaffipauser har det og blitt, viktig å ha tid til det og. Dei fine krusa er kjøpt på Smiå til Sissel, ho har og designa dei. Passa godt her på landet synst eg. No har mørket senka seg på denne adventslaurdagen og, i morgon tenner me tredje lyset i staken. Det går mot jul.

2015-12-11

Luke 11






Bildet i dagens luke er frå Sand sentrum i Suldal. 
Eg synst det er nydelig at denne krybba 
får stå midt der folk ferdast, 
og gjerne minne på julas verkelige innhald. 
Litt "Himmel på jord" som Kurt Nilsen syng..

Vekene og dagane går fort no, 
prøver å nyte roen i førjulstida inni mellom
det som skal førebuast. I går kveld var det 
Julebord i lag med personale i barnehagen,
og i dag var det Julelunch med fagleg innhald ilag
med kollega frå oppvekst. Flott og veldig inspirerande foredrag med Irene Grastveit, ho imponerer med 
kunnskap og formidlingsevne.
Kjenner eg er ganske heldig ja!

2015-12-09

Luke 9

Dagens luke blir åpna seint, det er snart natt, må være klar til nye oppgåver i morgon. I dag har eg handla noko som skal visast fram i ei seinare luke, må berre pynta litt først.  
Turgruppa har hatt treff i dag, og no når det mørknar tidleg, er Kleppeloen ein fin stad. Opphaldsvær fekk me og, no piskar regnet mot ruta igjen, passar fint å mimre litt frå ein blåværstur i lag med gubben tidlegare i vinter

2015-12-08

Luke 8

Ingen Julekalender uten Hildegunn og Leif Per si rørande tolkning av O`Helga natt..Det er berre å lene seg tilbake og kjenne stemninga kome krypande...



Været gir ikkje heilt den same julekjensla.. 9 grader og regn, det er nesten som ein norsk  midtsommarsdag, men det kan fort snu. Kan kanskje håpe på ei kvit jul slik som dette bildetviser frå hyttejula akkurat slik me likar det.


2015-12-07

Luke 7

Bjørn Eidsvåg får plassen i dagens luke med denne nydelige julesongen.
(trøttande med all reklama som legg seg på klippa, men det er berre å
krysse den ut, og nyte sangen)

2015-12-06

Luke 6

Nok ein herlig adventssøndag går mot kveld, me takkar for å sleppe det værste uværet, men tenker på dei som er så hardt ramma no i førjulstida. 
Ein tur til Sele og Bore ga dagens dose friskluft, og det var godt driv i bølgene. På Bore er sandstranda under vatn, og vinden har ommøbelert eindel på sanddynene. 
Her heime har det vore mest avslapping i dag, litt konfekt er trilla, og ligg no på frysa i påvente av jul:) 
Det andre lyset er tend, og verset i adventssangen er dagsaktuelt i desse tider..:



2015-12-05

Luke 5

Ruskeværet med Synne i spissen har ikkje ramma oss så hardt her i dalen, men lenger sør og innover i fylket har dei fått merka uværet. Me får håpe det vert kjekkare julevær etter kvart.

I dag har krumkakene komt i boks her i huset, brukar ei oppskrift med like mengder av alt pluss ein skvett med vatn. Blir sprø og ganske gode:)
Elles hadde me håpa på seier for dei flinke handballjentene til Norge, men Russland stakk knepent avgarde med seier i denne første VM-kampen. Me heiar vidare, og har trua på at det berre går bedre no!

Bilde 1 i dagensluke er frå hyttejula i 2011, det gledes:) Bilde nr 2 og 3 er av dagens bakst.


2015-12-04

Luke 4

Fredag er ein fin dag, 2 heile fridagar ligg framforbi. Sjøl om eg har ein jobb å trivast i, er det jammen herleg med helg og. I kveld har me vore på middagsbesøk like til by`n, og etterpå reiste me
til IMI og førjulskveld med Egil Svartdal. Kjekk kveld med mykje godt påfyll.

Ute er det ruskevær i kveld, og slik meldest det resten av helga og. Heilt greit, me har jo kle og hus som tåler både regn og blåst.

Sangen i dagens luke syng me i barnehagen no i førjulstida, fint innhald, og lett å lære.

2015-12-03

Luke 3

I dag vart det litt baking etter jobb, Sara Bernard kaker er ein tradisjon, og favoritt, her i huset. Oppskrifta fekk eg frå ho i høgblokka for mange år sidan.
I morgon er det fredag igjen, og snart skal me tenne adventslys nr 2, enno mange dagar å nyte i denne herlige førjulstida. Eg tek med ein favoritt til i dagens luke, den nydelige julesongen av Jakob Sande; 

Det lyser i stille grender 
av tindrande ljos i kveld. 
og tusende barnehender 
mot himmelen ljosa held. 

Og glade med song dei helsar 
sin broder i himmelhall 
som kom og vart heimsens Frelsar 
som barn i ein vesal stall. 

Der låg han med høy til pute 
og gret på si ringe seng, 
men englane song der ute 
på Betlehems aude eng. 

Der song dei for fyrste gongen 
ved natt over Davids by 
den evige himmelsongen, 
som alltid er ung og ny. 

Den songen som atter tonar 
med jubel kvar julenatt 
om barnet, Guds son, vår sonar 
som døden for evig batt. 

2015-12-02

Luke 2

I dag har dei fleste av gåvene fått papir og sløyfer på, fint med ein inneaktivitet i gråværet, særlig når ein har ein jobb som gir ei god dose med uteliv på dagtid. På søndag var det tenning av Julegran mange stader, og Hildegunn har sjølvsagt sitt eige drama også med denne tradisjonen, ho får fortelle om det i dagens luke. Kjenner elles på at me er ganske i rute dette året- er det noko me har gløymt?



2015-12-01

Luke 1

Adventskalender i Familieliv har vorte ein tradisjon, sånn vert det dette året og, sjøl om bloggen har tørka store delar av 2015. I dag vart eg henta klokka 17, og turen gjekk til den veldig koselige og stemningsfulle gardsbutikken Smiå på Klepp. Der fann eg 3 ting som fekk være med heim, den eine er med på bilde 1i denne første luka. Bilde 2 er julegrana i Stavanger, og bilde 3 er litt frå adventspynten her heime. Så er vi i gang, god advent:)



2015-10-05

Ut på tur

Det er mange flotte stadar å nyte i nærområdet vårt:)