torsdag 19. mai 2016

Dei lyse dagane



Alle desse dagane som kjem, helsar og forsvinn. Ein straum ein berre mÄ fylgja. Mange av dei forsvinn for oss i rekkje av dagar som me kallar kvardagar. Men innimellome kjem dei lyse, fine og minnerike dagane, dei me ber med oss
13. mai 2015, ein fin vÄrdag, stod me pÄ ein terassen og kikka mot Ombo, Jelsa og heilt til KÄrsÞ - og me kjende det siga inn - no eig me ein teig i Ryfylke.
Godt og vel eit mÄl, med ei raud hytte pÄ kan fort kjennast som ei lykke pÄ jord.
I Äret som har gÄtt som hytteeigarar har me fÄtt gjera oss kjent med eit landskap heilt ulikt det me bur i til dagleg.

Her fiskar me, gÄr i fjellet og drikk eplesaft frÄ "nabogarden" og tek med oss ski til Gullingen om vinteren.
Me har opplevd mange fine og rolege stunder, dagar Ä gÞyma pÄ.

Men me har og fÄtt erfara at det har sine utfordringar og gjera seg kjent i nye miljÞ.

Me har lÊrt at i fjÞra er det glatt, og om ein dett og set seg pÄ armen sin - sÄ kan det enda med gips.
Me har lÊrt at fiskekrokar kan vera skarpe dei - og har skjÞna litt meir av korleis det kan vera Ä vera fisk pÄ ein krok.
Og me har lÊrt oss at bratte bakkar og uelegante flygeturar, fort kan enda med mange veker pÄ krykker.



Og sjÞlv om sommaren 2015 ikke gav oss mange solrike dagar og kveldar - sÄ har me fÄtt mange lyse dagar likevel.
Og mange fleire skal det verta - kanskje me til og med fÄr solrike dagar denne sommaren.

......det er von i hangande snĂžre............

......lykkens sommerfugl setter seg pÄ den som har tid til Ä vente.......










sĂžndag 8. mars 2015

VÄronn med klisterfÞre


Denne helga kom vÄrkjensla - for alvor.
Milde fine dagar med solglĂžtt tidlegare i veka gjorde at eg hadde store planar for helga.
Bed skulle ryddast, blokker kjĂžrast vekk og spirene skulle fram i lyset.

GlĂžymde heilt av Ă„ sjekka med YR.

Det vart regn.
 Ja, ja - eg var sĂ„ klar at det var berre pĂ„ med regnklede og ut i hagen.

Utruleg godt  Ă„ koma igang med vĂ„ronna.

Desse snÞklokkene kom for 18 Är sidan i ein handlepose frÄ garden der eg vaks opp. No har dei formeira seg slik at eg kvar vÄr fÄr eit kvitt teppe nederst i hagen.


Hagen er pÄ ingen mÄte tÞrr, her er tung leirjord.
Og fÞret denne helga mÄ nok kallast klisterfÞre, iallefall klistra det seg store klumpar under stÞvlane.

Har ikkje vÄga meg pÄ Ä planta ut noko anna enn pÄskeliljer og perleblomar enno.
-Sjekka med YR, det kan verta frost att neste helg.

MÄtte ta med eit bilete der den rosa fine trillebÄra mi var med.

PÄ ein mÄte var det me to som feira kvinnedagen i Hykken i Är.
Me gjekk i tog mellom bed og komposthaugen.

GRATULERE MED DAGEN JENTER

torsdag 5. februar 2015

Heime i Hykken

 Alle vegar fĂžrer til Rom - seier dei.
Eg ser det litt annleis. Alle vegar fĂžrer heim.
Heim til Hykken.

Etter dagar som har krevd bÄde det eine og det andre av ein er det fredeleg og godt nÄr vegen gÄr heim til Hykken.

Det er godt Ä ha ein stad som er sin eigen - der ein kan senka skuldrene og ta ein pause frÄ "det utanfor"

Det skal vera slik Ă„ vera heime.


Tru om rÄdyret kjenner det likeeins. Godt Ä bu i Hykken for dei og - mange smakfulle og gode kvistar.

Det er ei god kjensle - Ă„ vera heime.

Finn fram kaffikoppen og nyt dagen eller kvelden heime :-)




sĂžndag 18. januar 2015

Bibliotek i fjoset


VÄrt siste store prosjekt (sÄ langt) er no fullfÞrt. Det er rart nÄr ting ein har jobba med og brukt mykje tid pÄ endeleg er ferdig - det vert ei utlading.
Men no kan me altsÄ seia oss ferdige. Romet der det fÞr vart lagara for til kyr og sauer, og den gamle eplesiloen er no blitt bibliotek og eintriveleg stad for smÄ samankomster.
BÞkene er samla frÄ venner og kjente som hadde altfor fulle bokhyller. Etterkvar hadde me mista heilt oversikten pÄ kor mykje det eigentleg var. Men me fekk plass.
Tusen takk til alle dykk som har bidrege.
Me vurderte lenge Ä laga hyllene sjÞlv - men valde til slutt den enklare lÞysinga: Billy hyller frÄ IKEA.
Med enkelte smÄ tilpassingar passa dei bra.
Med god hjelp av familiens to gode bibliotekarar vart bĂžkene nĂžye plassert i hyller etter Dewy sitt system.




Den gamle eplesiloen (som eg tidlegare har omtala i eige inlegg) husar no ei flott Donaldsamling (den tilhĂžyrer mosterguttane mine)
Og slik sÄg eplesiloen ut dÄ me byrja jobben.


Eldstesonen pÄpeika, dÄ han bar kassevis med tunge bÞker frÄ lÞa og ned "Tenk mor, alt dette hadde det vore plass til pÄ ein ipad"

Kor triveleg ville det ha vore dÄ - lagt ein ipad i hylla?
Nei, eg seg fram til Ă„ sitja i eit rom med sjel og halda i bĂžker av papir.


 Godt bokĂ„r alle saman :-)
Her hos oss skal malekostar, ruller, spikepistoler, vaddere og alt anna verktÞy fÄ kvila ei laaaaang stund.












tirsdag 16. desember 2014

Det vert ikkje jul utan smalafĂžter





SĂžndag 14. desember, ei veke tidlegare enn normalt var det invitert til smalafotfest i Hykken.
Den dagen me kokar og et smalafĂžtene i fjoset er liksom den dagen jula byrjar for oss.

Mor var oppe klokka 6 for Ä fÄ fÞtene pÄ kok.
Dei skal koka litt i ovekant av 6 timar for Ä fÄ rette konsistensen og smak.

NÄr den heilt spesielle lukta brer seg dÄ kjenner eg at julestemninga kjem snikande.

For nokre var denne sĂžndagen eit fyrste mĂžte med den jĂŠrske mattradisjonen - for andre eit kjĂŠrt gjensyn.

Men alle var einige om at sĂ„ gode fĂžter som i Ă„r har me visst aldri hatt……… sĂ„ alt var som tidlegare Ă„r.
Her er fÞtene kome godt pÄ kok i gryta.
SjÞlvsagt mÄ juletreet vera pÄ plass i fjoset til denne store dagen.
Konsentrasjon over den kulturelle rett.
Det er fÊrre og fÊrre som vel den alternative menyen, som i Är var rÞmmegrÞt og spekemat.
Til slutt ligg berre beina att.
Og me er mette og gode - og i god julestemning.

sĂžndag 30. november 2014

I ein kasse pÄ hÞgaloftet



I 2008 hadde me stubbenisselaging i Hykken.
Alle ungane har laga fleire kvar. Fantastiske ansikt pÄ desse.
I ein kasse pÄ hÞgaloftet har eg julepynten min.
Eg kjĂžper ikkje ny etter skiftande interiĂžrmote. For oss som har eit nostalgisk forhold til jul og julepynt er det langt viktigare at julepynten har ei meining og ei historie enn at ein kan finna same pynten att i interiĂžrblad.

SÄ kvar Är nÄr desember kjem - sÄ tek eg meg ein tur pÄ hÞgaloftet etter kassen med julepynt.





Vaksen nisse rundar 26 Är i Är.
Enkelte ting har sin faste plass, og ungane er flinke Ă„ gje beskjed om dei vert plassert feil.





Som denne nissen som ei studievennine strikka til meg til 20 Ärs dagen - den mÄ sitje i hylla over ovnen.
Denne fine karen har eg fÄtt av minsteguten for mange Är sidan. Eit kjÞp han sidan har vore svÊrt nÞgd med.

Men ikkje mykje slÄr julepynten som kjem heim frÄ skule og barnehage. Her ein nydeleg engel som minstejenta laga sist Är.
Slitte i kantane og hol pÄ tÄa - har feira mange juler med oss dette koselege heimestrikka kjÊresteparet.


Reknar med det er mange derute som kosar seg med Ă„ pakka opp kassane sine i desse dagar - god fĂžrjulstid til dykk alle.




 


tirsdag 18. november 2014

Ikkje berre ein snĂžkrystall

Hugsar godt at me sat med saksa og klyppa snÞkrystallar dÄ me var smÄ. Det var om Ä gjera Ä fÄ dei mest frynsete og fine.
I dag kom ein kolega med denne fine ideen - ikkje berre ein snÞkrystall, men mange pÄ rad.
Har laga stjernene i vanleg kopipapir, sÄ strauk eg dei med strykejern. Dersom ein har ein lamineringsmaskin for handa blir det nok vel sÄ fint.
SÄ er dei sydd saman med sytrÄd.

Fint i vindauga - kan tenkja meg at det hadde vore enno finare om eg hadde store vindauge slik som er vanleg pÄ dagens nybygg.






Brett - klipp og stryk

Trikset for Ä fÄ dei litt anleis snÞkrystallane er Ä klyppe som pÄ bilete.
Gild aktivitet for bÄde mor og Stine pÄ 6 Är.
Godt nĂžgde med vinterpynta kjĂžkkenvindauga