Tida gÄr fort og det er snart sommar igjen. Kom pÄ at eg ikkje har fortalt om denne sommartoppen tidlegare, sÄ betre seint enn aldri...
Toppen er strikka i merino frÄ Viking Garn og eg brukte pinnar 3,5 pÄ vrangborde nede og elles pinnar 4,5.
Bilda vart tekne i fjor sommar, og viser ein sjÞlvdesigna topp. Jentene la inn bestilling pÄ ein litt kort topp med stroppar, og eg la opp litt pÄ mÄfÄ og ordna passforma undervegs. Resultatet vart ikkje sÄ verst- og eg har ogsÄ strikka ein rosa og ein lyseblÄ versjon. I skrivande stund er eg i gang med heile tre stk, som er bestilt av venninner til eldstejenta.



