sĂžndag 6. desember 2009

Julemiddag, barneprogram, nisse, juletregang, dans og fest

Ja, alt dette kunne ein fĂ„ med seg pĂ„ SĂžrheim hin kvelden. Og, nĂ„r eg tenkjer pĂ„ det, mĂ„ dette vera ganske spesielt Ă„ fĂ„ med seg pĂ„ ein plass og pĂ„ ein kveld! Folk i alle aldrar, frĂ„ 3 til 90 deltok pĂ„ festen, og her var som nemnt noko for ein kvar. At generasjonar er i lag pĂ„ dette viset er unikt, trur eg. At denne salige blandinga av mat, program, nissar og fest for ALLE vert tilskipa. Hurra for det! Vanleg hadde vel vore Ă„ skilja dei ulike "postane" i ein kveld for dei yngste, ein for dei eldre og ein for dei festglade. Men, dette mĂ„ vera ei oppskrift for etterfĂžlgjing, meinar eg, og det meinte musikantane som stod for musikk til maten, til juletregongen og til dansen utpĂ„ kvelden ĂČg. Ein kjekk kveld, sjĂžlv om underskrivne tok heimover med born og mann fĂžr festen tok skikkeleg laus, denne gongen!

fredag 13. november 2009

Eit slag for "bygdetullingane"

Merkjeleg overskrift, som ikkje mÄ feiltolkast, og dÄ er det vel pÄ sin plass med ei oppklaring! Alle bygder har vel ein "bygdetulling" i nabolaget, ein person litt utanom normalen - ein som med eller utan ei medisinsk diagnose oppfÞrer seg litt snÄlt. Dette innlegget er ein hyllest til dei av oss som berikar livet til dei rundt oss ved Ä vera sitt sÊreigne sjÞlv. Som syner oss at det gÄr an Ä leva utanom dei rÄmene som er laga til kring oss av konge og regjering, normer for oppfÞrsel, skule (ups!), foreldre, tradisjonar, m.m. Tenk berre kor kjedeleg bygdesamfunnet (som eg kjenner best) ville vore utan bygdesnÄlingane, dei gode historiane om "forfedre-bygdesnÄlingane", som truleg (eller forhÄpentleg!) vil leva til evig tid! Eg tykkjer det er prisverdig om me greier Ä ta vare pÄ bygdetullingane vÄre, og ikkje pressa dei inn i dei oppleste og vedtekne normer og reglar, for dÄ misser me noko viktig i samfunnet vÄrt: mulegheita og respekten for det utanom-det-vanlege! SÄ: LENGE LEVE BYGDETULLINGEN!

fredag 23. oktober 2009

Dyr me slaktar og dyr me kosar med, og ein lett blanding av dette..

Som periodevis ansvarleg for koppalam frÄ hist og her, hÞnsehaldar (stolt eigar av 7 hÞner og ein hane!), kanin- og marsvinpassar, og involvert i ein hjortefarm mÄ eg koma med nokre tankar kring dette med husdyrhald, kjÞtproduksjon og kos. I Är heitte koppalamma vÄre Emma Thallula og Karl Joakim, og det er ein ganske fjern tanke Ä ha Emma Thallula som sÞndagsmiddag i kÄlen - mÄ berre seiast. Oppvaksen pÄ gard som eg er veit eg godt at fÄrekjÞtet ikkje er "fÞdt" i frysedisken pÄ Meny, men at det kjem frÄ sauen som beitar - beita pÄ bÞen.. Men, og det er eit men for meg her, som kanskje tyder pÄ at eg har fjerna meg litt frÄ bondestanden? NÄr desse smakfulle dyra fÄr namn, og vert flaska opp i bakgÄrden - ja dÄ freistar dei ikkje meg som middag. Hjorten er det anleis med, av ein eller anna grunn. Det er fleire av dei, og dei fleste er "namnlause" - bortsett frÄ grombukkane Nils og Hercules, dÄ, som nok hadde vore meir "tungtfordÞyelege". Dei har eg pÄ sett og vis vorte ganske godt kjent med.. Ja, ja det er mykje lÞge ein skal fundera pÄ, men Emma Thallula hamnar iallefall ikkje pÄ min tallerk (sÄ vidt eg veit), og dei fjÊrlause hÞnene mine skal og fÄ ein verdig dÞd under torva (sjÞlv om dei er uappetittelege av heilt andre Ärsakar enn at me "kjenner dei"....) Vel, slik var det!

onsdag 7. oktober 2009

Refleksjonar pÄ ein sein haustkveld..

LYKKE! Ja, ser behovet for Ă„ lĂžfta blikket litt etter siste innlegg.... Kva er lykke? Dersom eg kjenner godt etter trur eg det i enklaste (og kanskje viktigaste?!) form er Ă„ fĂžla seg vel i og med tilveret. Me styrer og strevar med mangt og mykje dei fleste av oss: arbeid for Ă„ tena pengar, spela roller (som eg ĂČg har vore inne pĂ„ fĂžr) for Ă„ gjera tilveret "smidigare", me handlar ting (?!) og klede for Ă„ kjenna oss vel (og ikkje frysa), me pussar opp og ned for Ă„ letta tilveret for oss sjĂžlve og andre - og ha det triveleg rundt oss, kanskje. Me higar ofte etter noko me ikkje allereie har, men som me trur og meiner vil gjera oss lykkelegare! Men, denne lykka er merksnodig. Ho kjem nĂ„r ein minst trur og forventar at ho kjem, og den uteblir nĂ„r me absolutt meiner me har gjort oss fortent til ho! Kanskje me rett og slett berre mĂ„ ta den lykka som kjem "rekande forbi" nĂ„r ho kjem, og godta at slik er det berre?

fredag 18. september 2009

Motivasjon.....

Kvar finn ein motivasjon? NÄr det trengs ein ekstra puff for Ä koma vidare. Kvar fin ein "puffen"? Dette er viktige saker, men i skrivande stund er det hÞgst usikkert om det vil koma nokon konklusjon ut at dette innlegget. DÄ fÄr de berre ta det for det det er: eit innlegg utan nokon klÄr konklusjon! Eg er klar over at dette kan omfatta mange ting: Ä fÞla seg verdsett og elska, Ä kjempa for grunnleggjande ting, som helse, born sin tryggleik, vÄr eigen tryggleik, Ä oppretthalda livet og aktiviteten pÄ staden der ein bur, utdanning for Ä fÄ ein jobb, og sÄ vidare og sÄ vidare.. Viktige ting som held likesÊla vekke. Av og til kjem den snikande, likesÊla (trur det er likegyldigheit pÄ nynorsk?...). Og det er ei ekkel kjensle. Ting skjer rundt deg, du er med, men det engasjerer ikkje. Det er det punktet dÄ du lurer pÄ om det er verdt det? Har det noko for seg at du stÄr pÄ, oppnÄr ein noko, gir det noko tilbake? Dersom konklusjonen er nei, har ein problem med Ä halda motivasjonen oppe, og i det heile: EIT STORT PROBLEM!. Eg mÄ innrÞmma at eg er der av og til, og det er ei ekkel og ubehageleg kjensle. Skulle Þnskja at det var ei krukke med motivasjon der ute, som ein kunne fylla pÄ med nÄr ein trong ein ekstra puff for Ä stÄ pÄ. Men, den dukkar nok opp att, motivasjonen altsÄ! Om det er i kjÊrleiken til borna eller andre, gleda over Ä vera den ein er, og ha det ein har, Ä kunna det ein kan, Ä oppnÄ framgang i det ein held pÄ med, Ä ELSKA, eller andre ting som kan trykkja pÄ motivasjonsknappen!

mandag 7. september 2009

Badeland vs ferjesamband! No er det alvor!

I tilrÄdinga frÄ rÄdmannen til badelandsaka (Luster bad) - som han jamvel er positiv til, badeland altsÄ - foreslÄr rÄdmannen ein del innsparingspostar for Ä hanka inn att dei 5 mill. som er pÄrekna Ä koma i tillegg pr. Är dei nÊraste Ära. Dette er godt "valgflesk", mÄ seiast - kjem jo i ei strÄlande tid i hÞve valget! Men, til saka: mellom innsparingspostane les eg dÄ at ferjesambandet Ornes-Solvorn er ein aktuell innsparingspost!!! Om eg har vore skeptisk til det Þkonomiske biletet kring badelandet fÞr, sÄ er det ikkje lenger nokon tvil. For no er eg, som innbyggjar pÄ Ornes - og avhengig av nemnde ferjesamband til skule og jobb, faen meg sÄ drit lei av Ä mÄtta kjempa for den ferja kvar gong det er val, budsjettdiskusjonar, innsparingar, m.m.m. Heilt sia eg var lita jente har eg hÞyrt om denne kampen, som med jamne mellomrom har kome fram, og til no, kvar gong vorte kjempa gjennom i meir eller mindre favÞr oss som er avhengig av ferja. Men, eg er sÄ lei! SÄ mykje frustrasjonar, energi, spenningar. Det burde vera unÞdvendig! Eit badeland til knappe 100 mill. mot eit heilt bygdesamfunn som prÞver Ä mobilisera til ei framtid her. For det er realiteten. Utan ferja reiser eg - og, for dei av dykk som ikkje ser det som noko "trussel" vil eg pÄstÄ at bygdeutviklingsarbeidet og tilflyttinga ikkje vil verka positivt pÄ sÄ mange andre som kan tenkja seg hit heller, utan denne viktige samferdsla over fjorden. Innsparing pÄ kanskje 2 mill., er det verdt det - greier politikarane Ä sjÄ samanhengane her?? Det hÄpar eg verkeleg! For no er eg LEI!

mandag 24. august 2009

Nye vinklingar....

FÞrst til kommentaren til innlegget mitt "same old song", berre sÄ det er sagt: eg er i utgangspunktet i all hovudsak like glad i bÄde austlendingar og vestlendingar eg :-), og eg tykkjer folk skal fÄ reisa pÄ ferie dit dei vil, og det var i grunn det eg ville seia om dei sakene. Eit par ting til vil eg fÄ kommentera til kommentaren:

"Men hva skal de leve av? Fortell for en gangs skyld hvilke jobber er ledig her, som folk kan sÞke og fÄ? Hvilken jord skal de dyrke?" For Ä ta det siste fÞrst: Det er inga jord tilgjengeleg for dei som vil kjÞpa, for den tilhÞyrer folk som bur langt vekk (gjerne Bergen...), og vert leigd vekk til dei bÞndene som er att pÄ staden. NÄr det gjeld kva jobbar folk kan fÄ, vil eg koma med nokre forslag: Dersom du med "her" meiner pÄ Ornes i Kroken eller pÄ SÞrheim er mulegheitene kanskje noko snevre, men me har dÄ eit BÄtbyggeri her (som treng arbeidskraft!), me har eit nÊringsbygg med mulegheiter for folk som ser mulegheitene til Ä utvikla eigne produksjonar, ev. ha "heimekontor" i eit fellesskap. Det dukkar vidare opp jobbar med visse mellomrom i bÄde Sogndal, Gaupne pÄ Hafslo og pÄ Skjolden. Alle desse stadane er etter mi vurdering aktuelle arbeidsstadar for folk pÄ sÞrsida, i stÞrre eller mindre %, alt etter kva andre ressursar/mulegheiter ein ser pÄ staden ein bur, og kva krav til levestandard ein har. For folk pÄ Ornes og i Kroken er kanskje Hafslo, Sogndal, Gaupne og Skjolden like aktu som dagpendlarstadar, medan folk pÄ SÞrheim kanskje vurderer Gaupne og Skjolden som mest aktuelle i hÞve avstandar.

I bynÊre omrÄde er det ikkje uvanleg Ä pendla 30min-1t til jobb, og her er det snakk om avstandar innafor dette tidsrommet....

For nokre veg det tyngre Ä bu slik (landleg)- og ein er villeg til Ä kutta ned pÄ levestandarden for andre verdiar, medan for andre kan det vera andre verdiar som veg tyngst. Prioriteringar!

Til slutt ein ny vinkling som har vorte omtala i avisa NATIONEN den siste tida: (henta frÄ Nationen, 10.08.09):
"Mosentralisering
Hytteeierne i SjusjÞen er en del av en motsentraliseringsprosess, mener seniorforsker Winfried Ellingsen ved Agderforskning. Prosessen har foregÄtt i 20-25 Är, men den har aldri vÊrt sÄ intens som nÄ.
– Ved siden av sentraliseringen foregĂ„r det i dag en moturbanisering, sier han. IfĂžlge Kjell OvervĂ„g ved Østlandsforskning er halvparten av Norges befolkning tilgang til en fritidsbolig. Og jo hĂžyere standard hytta har, jo hyppigere bruker vi den.

– Jeg mener at det blir for ensidig kun Ă„ se pĂ„ den faste bosettingen nĂ„r en skal se pĂ„ befolkningsutvikling i distriktet, mener han.

Har betydning
StatsrÄd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) mener at trenden har betydning for bosetningsmÞnsteret.
– Etter hvert kan det bli aktuelt Ă„ se nĂŠrmere pĂ„ forhold som berĂžrer hyttefolk, som lokal stemmerett, deling av skatteinntekter og Ăžkonomien til hyttekommunen. Men jeg mener at vi ikke er der ennĂ„, fortsetter hun."

For Ä presisera enda ein ting fÞr eg kjem med ein liten provokasjon: Eg ser pÄ "hyttefolk"/ferierande i omrÄdet som ein stor ressurs - utan tvil! Men sÄ er eg no freista til Ä koma med ei samanlikning nÄr det gjeld moturbaniserings-debatten i Nationen: Det er nesten som med fattigdomsgrensa; nÄr fattigdomen aukar, senkar ein grensa for fattigdom (sÄ ser det heller ikkje sÄ gale ut pÄ statistikkane...), nÄr sentraliseringa gÄr for raskt - nyanserer ein synet pÄ kven som "er innbyggjarar" i ei lita grend og vips ser det ikkje sÄ gale ut der heller!

Svar/kommentar til "same old song"

(Mannemi beklagar at eg ikkje har dette ut tidlegare....forsvant ei stund i "ferieposten"....)

Jeg beklager, men din hjemmeside er utilgjengelig for meg. FÞrst la jeg inn et innlegg som google-bruker. Da forsvant det. SÄ skrev jeg et nytt, og prÞvde med open ID. Det forsvant. NÄ sender jeg et tredje, og jeg hÄper at du legger det ut pÄ bloggen din som svar pÄ gammal sang.

Mannemia mi, jeg synes at du er urettferdig mellom Þst og vest. Etter Ä ha gÄtt samme turen, veit jeg at trampolinene fordeler seg likt pÄ Oslo og Bergen. Hvorfor er du sÄ ergerlig pÄ Þstlendinger og Oslofolk? Hva med dem som reiste til Bergen eller andre steder pÄ Vestlandet, hadde de bedre grunner til Ä reise hjemmefra? Og stÞrre grunn til Ä komme hjem pÄ ferie?
De som kommer pÄ ferie her, er etterkommere og slektninger av dem som bor her nÄ. Grunnen til at de dro, var at gÄrdene ikke kunne brÞdfÞ alle. Noen reiste kanskje fordi de hadde lyst til Ä bo et annet sted, for eksempel i en by? Det er bare fint at folk kommer "hjem" pÄ ferie. Det betyr at de holder husa i orden og treffer sÞsken og venner. De kunne ha valgt Ä reise til Torremolinos. Folk er fri til Ä reise hvor de vil pÄ ferie.
Det bor flere nordmenn i USA enn i Norge. Ingen blir sure nÄr de kommer hit, selv om de reiste av samme grunn; fattigdom og mangel pÄ muligheter til Ä livnÊre seg. Vi sier ikke at de skal komme tilbake og bo i huset og finne seg jobber her.
Svigerfamilien min flytta til Årdal og aluminiumsverket pĂ„ 1950-tallet. Flere ganger har Reidar fĂ„tt brev fra Årdal kommune med spĂžrsmĂ„l om han kunne komme tilbake. De spurte aldri etter meg, sĂ„ det ble aldri vurdert.
Alle vil selvsagt at det skal bo folk i alle hus og unger skal lÞpe ut og inn. Og hoppe pÄ trampoline. Vi Þnsker oss et land i full drift.
Men hva skal de leve av? Fortell for en gangs skyld hvilke jobber er ledig her, som folk kan sÞke og fÄ? Hvilken jord skal de dyrke?
Du er sÄ konstruktiv i alle ting, Marianne. PÄ dette omrÄdet har du snart gÄtt i stÄ. Og det er ikke konstruktivt.
Hilsen Grete

torsdag 13. august 2009

Sommar pÄ hell....

Det er visst snart haust! Dei fÞrste orange blada glÞttar fram og natta er svartare enn ho har vore pÄ ei stund. No mÄ me gÞyma dei lyse sommarnettene i minnet, og ta dei fram att nÄr det vert som svartast. Ferien er over og kvardagen er pÄ plass att, og litt godt er det faktisk, litt. Eg skal ikkje bruka tid pÄ Ä skriva om at sommaren har gÄtt som ein vind, faktisk tilsynelatande enda fortare enn tidlegare Är (ja, no brukar eg visst noko tid pÄ det loll..), for dette trur eg rett og slett er eit faktum: tida gÄr ikkje like fort for born og vaksne. Etter sommaren har og brÄtt borna vorte eitt Är eldre. Eldstejenta skal i storskulen og den yngste i fÞrste klasse. Det vil seia INGEN FLEIRE BARNEHAGE FORELDREMØTE! I alle dagar, kor gamal er eg eigentleg, og nÄr vart eg det? Ja, ja, eg prÞver hardt Ä sjÄ fÞre meg mange fine haustkveldar og dagar saman med vener og familie, hobbykveldar kring stearinpynta bord, med regnet og hauststormane piskande utanfor, strikking av enda fleire pulsvarmarar (som er noko av det einaste eg verkeleg tykkjer eg fÄr til nÄr det gjeld strikking..), raudvin og ei god bok i godstolen og etterkvart snÞen.. Men, ein ting av gongen: fÞrst skal hausten nytast!

sĂžndag 19. juli 2009

Same old song.....

Eg vandra meg ein runde i mi barndoms bygd (klisje) her um dagen, og det eg sÄg gleda meg storvegs. Den fÞrste garden (smÄbruket) eg kom til hadde ei trampoline nett utom dÞra, den andre garden (smÄbruket) hadde ei enda stÞrre trampoline utom nÄva. Vaksne og born hoppa og helsa (som regel i omvendt rekkjefÞlgje..) pÄ meg der eg gjekk forbi dei. Sola skein (sjÞlvsagt!). Eg gikk vidare og traff fleire kjende og kjÊre eg slo av kortare og lengre samtalar med - og vel heime sto utedÞra pÄ vid gap, og seks ungar gikk inn og ut, skratta og lo, vart svoltne og fekk mat - og soli skein..... Trampolinene vert nok tatt ned att om ei veke eller to, og brakt tilbake til heimstaden Oslo, eller i allefall austover ein stad - sjÞlvsagt. SÄ lever me pÄ minna og hÄpet om at trampolinene fÄr stÄ der permanent ein gong i nÊr framtid, nÄr dei finn ut at her vil me bu meir enn berre i feriane. Her i denne flotte bygda, med dei kjekke naboane ; )

fredag 10. juli 2009

Livet er ingen kladd...

Har fundert litt over dette livet vÄrt, i lys av boka eg held pÄ med: "livets uutholdelige letthet" av Milan Kundera. I motsetnad til eit mÄleri, t.d., finst det ikkje noko mulegheiter for Ä laga eit fÞrsteutkast av livet - for deretter Ä justera ting undervegs som ein Þnskjer anleis. Eit viskelÊr, som viskar ut det ein ikkje likar - det ein finn ut ikkje er bra - og som samstundes set oss tilbake i tid. Me kan ikkje "kladda" livet vÄrt fÞr "the real thing"! Livet er her og no! OK, me kan endra kursen undervegs - men me ber med oss "bagasjen", alt det me har erfart tidlegare pÄ godt og vondt. NÄr me stÄr overfor val, som t.d. kva yrke me vil lÊra oss, eller kva livspartnar me skal satsa pÄ, ja, dÄ vel me ut ifrÄ den fÞlinga me har der og dÄ for kva dette valet vil innebera for oss framover. Me kan ikkje prÞva det eine, for sÄ Ä finna ut at kanskje det var det andre som var det beste - og gjera dette om. Nei, me er og verkar HER og NO! Dette er, om ein problematiserer (noko eg til tider likar Ä gjera..) litt frustrerande Ä tenka pÄ - men, dette er LIVET!

torsdag 2. juli 2009

To fine dikt.....

(Fritt omsett til nynorsk...)
Ein gong iblant
Ein gong i blant skulle ein ta seg tid til Ă„ gjera nĂŠr sagt ingenting.
La timane rusla litt sakte forbi og la tankane fly litt i ring.
Ein gong i blant skulle ein stoppa opp- utan fÞremÄl og utan grunn,
berre sitjae i fred med sin kaffekopp og berre "vera" ei lita stund.
Ein gong i blant skulle ein roa seg ned og sjÄ alt i litt stÞrre perspektiv -gi tankane tid til Ä dvela litt ved kva ein eigentleg vil med sitt liv.

Randi S. Nielsen

Ord over grind
Du gĂ„r fram til mi inste grind, og eg gĂ„r ĂČg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli.
Aldri trenge seg lenger fram var lova som galdt oss to.
Anten vi mĂžttest tidt eller sjeldan var mĂžtet tillit og ro.
StÄr du der ikkje ein dag eg kjem fell det meg lett Ä snu
nÄr eg har stÄtt litt og sett mot huset og tenkt pÄ at der bur du.
SĂ„ lenge eg veit du vil koma i blant, som no over knastrande grus
og smile glad nÄr du ser meg stÄ her, skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas

sĂžndag 28. juni 2009

"TilvĂŠrelsens uutholdelige letthet"

Eg er i gang med Milan Kundera si bok med ovanfornemnde tittel - og so far (s.103), so good. Undrar om det er fleire der ute som har lese denne boka, og vil dela sine "erfaringar" med den? SĂ„ skal eg koma attende med mine, litt lenger ut i lĂžypa!

tirsdag 16. juni 2009

Fasader

What to think, what to say... Ikkje allverdens av meiningar om mangt og mykje Ă„ spora her for tida! Eg er pĂ„ veg inn i feriemodus, og gledar meg over nedteljing av arbeidsdagar til Danmarksturen! Årets familieferietur! Eg har, nĂ„r eg tenkjer meg litt om, tenkt litt pĂ„ noko eg las pĂ„ ein anna blogg her om dagen: "omdĂžmebygging"-dette med kor viktig, og "i vinden" det er Ă„ framstilla t.d. ein kommune eller ei bygd pĂ„ ein god mĂ„te. Å ha eller skaffa seg eit godt omdĂžme, som middel for Ă„ oppnĂ„ at folk oppfattar staden som flott, fasinerande, triveleg, trygg, o.s.b. for Ă„ kanskje hala hit nokre sjeler. OmdĂžme - dĂ„ tenkjer eg, av ein eller annan grunn, litt sĂ„nn "kva naboen meiner/tykkjer om meg". Me mĂ„ halda fasaden, slik at me vert oppfatta slik me Ăžnskjer Ă„ bli oppfatta! Men, det ligg nesten i "sakens natur" at dĂ„ er det eit og anna ein mĂ„ gĂ„ pĂ„ akkord med. For Ă„ fĂ„ fram det verkelege, djupe, ekte i ei bygd eller ein kommune mĂ„ ein ta med seg, og ta utgangspunkt i "rĂ„tt og rĂ„te" - og starta der. Det er ikkje berre Ă„ klistra opp eit "glansbilete" og seia at: slik er det her, dette er bygda vĂ„r - for sĂ„ Ă„ prĂžva Ă„ leva opp til det. Ja,ja, ein kan vel kanskje gjera det slik - men ein slik fasade er sĂ„rbar for dei indre kreftene. Erkjenning av og kunnskap om korleis eit samfunn er og fungerer er viktig for utviklinga av det. Dette er utgangspunktet! SĂ„, for Ă„ "landa litt" att, og kanskje fĂ„ fram poenget mitt: Alle konsulentar kringom som skor seg pĂ„ Ă„ byggja omdĂžme mĂ„ kanskje grava litt djupare i dalane og langs fjordane (og kvar dei elles mĂ„tte fĂ„ oppdrag), for Ă„ unngĂ„ at det vert fasadebygging - for Ă„ fĂ„ grunnlaget for utvikling pĂ„ stĂždig grunn - og for Ă„ gjera seg fortent til dei SKY-hĂžge timeprisane sine.....

fredag 15. mai 2009

Eg har blitt tante att!.....

Til ei nydeleg, kjempesÞt jente, som snytt ut av nasen pÄ tante Marianne ; )Alt vel med mor, far, storesÞster og den vesle. Eg mÄ erkjenna at eg kjenner litt ekstra etter ved slike hÞve..., om det rykkjer litt i eggstokkane. Og sant Ä seia sÄ er eg ikkje sikker. Slett ikkje sikker pÄ om eg er ferdig med dette "skapande livets under". Den biologiske klokka er noko "drit", ja, for den tikkar som besett, visstnok, og kanskje det er den som ringjer ekstra hardt nÄr det skjer slike gledelege eventar i sÄ nÊr familie? For denne klokka er det ikkje hjelp i Ä trekkja opp att nÄr ho stoggar, nei, sÄpass er sikkert! Men, no har eg og mannen to flotte, flinke og greie jenter, og bÞr nok vera godt nÞgde med det - og det er me! Men, likevel: er eg heilt ferdig med "produksjonen"? Tja, no er det slik at ein mÄ vera to om noko slikt, og eg har eit sterkt inntrykk av at mannen i familien er "fint ferdig" med smÄbarnsperioden, og dÄ regulerer dette seg sikkert sjÞlv. Eg er og ganske viss pÄ at dette kanskje vekkjer nokon(!) av lesarane, som meiner eg bÞr ta saka om Ä auka innbyggjartalet pÄ sÞrsida "i eigne hender", til Ä leggja inn ein ekstra innsats i Ä pÄverka meg, etter Ä ha lese dette......Men, dÄ kan eg beroliga dykk: dette er upÄverkeleg for "ytre krefter". Dette mÄ eg finna ut av sjÞlv - og i samrÄd med ein frÄ det andre kjÞnn - slik er det berre ; ).

torsdag 7. mai 2009

Bygging i strandsona...

PĂ„ NRK Sogn og Fjordane si nettside stĂ„r i dag Ă„ lesa om fylkesmiljĂžvernsjef Yndesdal sine ytringar kring bygging i strandsona. PĂ„ onsdag hadde nemnde mann ĂČg eit lesarinnlegg om temaet i Sogn Avis. FrĂ„ 1.juli vert reglane om forbod mot bygging i 100-m sona innskjerpa, og det skal verta vanskelegare for kommunane Ă„ dispensera frĂ„ forbodet.

Bygging i 100-m beltet har vore, og er eit omdiskutert tema. Ikkje minst i hĂžve store demografiske skilnader i landet vĂ„rt og behovet for eit slikt vern av strandsona. Eg bur i Luster Sogn og Fjordane, som Yndesdal, og nĂ„r eg ser kring meg er det mykje fjord og strandsone, men som Yndesdal og er inne pĂ„: ikkje allverden mykje av denne sona er tilgjengeleg, eller tilrettelagt tilgjengeleg for folk flest. Eg har feriert i Solund nokre somrar, og etter hugset var det ein heil del strandlinje der ĂČg....PĂ„ mange av Ăžyene der ute er det vel knappast plass til eit hus pĂ„ midten, dersom ein skal mĂ„la seg 100 m inn frĂ„ strandkanten (om ein kan trekkja dette litt langt) - og det vert det vel ikkje noko bygdesamfunn att av!

Yndesdal er "bekymra" for at regelverket vert praktisert svÊrt ulikt i landet vÄrt. "Det er store variasjonar i tolkinga av regelverket i kommunane", seier han. Men eg mÄ seia at dei store variasjonane i geografiske og demografiske fÞresetnader for husbyggjing tilseier ei viss grad av fleksibilitet dersom lovverket skal fungera.

I utkantane der kanskje hovudutfordringa er Ä fÄ folk til Ä koma Ä busetja seg er det eit dÄrleg alternativ Ä "jaga dei inn i skogen, eller opp i fjellskrentane" for Ä koma klar av regelverket - her mÄ vera rom for tolkingar! Men, med tolkingar meiner eg ikkje dispensasjonar - kanskje kommunane i langt stÞrre grad mÄ tenkja meir langsiktig og strategisk i planarbeidet, enn i dag?

Det som iallefall er sikkert, og som eg meiner det er viktig Ä ha med seg, er som ein av "debattantane" pÄ NRK S og Fj. si nettside pÄpeika :"Det er folket pÄ kysten (og langs fjordane, red.adm ; ) til enhver tid som har skapt idyllane og livet der, slik vil det ogsÄ vÊre i fremtiden om ikke byrÄkratiet v/ rikspolitikerne, no set en stopper for det ved sine feilslÄtte vedtak."

tirsdag 21. april 2009

Me "putlar no pÄ"....

Ein dag i mitt kvardagsliv (for den som mÄtte ha interesse av Ä lesa om det, forrutan meg sjÞlv..). MÄndag morgon (for Ä ta kvardagen med stor K, den som kjem rett etter helga), klokka ringjer 06:30, eg stÄr opp, gÄr ned smÞrer matpakke, gnir jon-blundar og gamal maskara (om eg ikkje var vaken nok til Ä ta den kvelden fÞr) rundt om i ansiktet med vatn, dekkjer frukostbord, dobbeltsjekkar vekeplanar for skule og barnehage (sÄ me ikkje gÄr glipp av ein badebag, eller kantinepengar.. - og gÄr opp pÄ loftet for Ä vekkja dei hÄpefulle som enda sÞv sÞtt under dynene. Ber yngstejenta ned pÄ badet, der ho legg seg pÄ golvteppet med morgonkÄpa over seg i nokre minuttar (me har alle vÄrt morgonrituale..). Ropar ned eldstejenta. Begge kler seg, mannen syner seg i baderomsdÞra og helsar god morgon. Alle et frukost. 07:30 er heile horven kome inn i bilen og klar til avgang. Ferja over til barnehage og skule, og etter avlevering der gÄr turen til Lustrahovudstaden og arbeidsdag for meg og mannen. PÄ kontoret stÄr ein altfor sjeldan vaska kopp klar til dagens fÞrste, og viktigaste kaffiinntak. Klar-ferdig-jobb! GjÞdselplanar, BU-sÞknadar, Inn pÄ Tunet saker, jordlov saker og bygdeutviklingssaker. Det siste er hjartesaka (som sikkert nokre har hatt mistanke om ; ). Arbeidsagen gÄr mot hell, og nokre av postane pÄ "post-it" hugse-Ä-gjere-i-dag sakene er utstreka med markÞr, men det stÄr ALLTID nokre att.... Det er mykje ein vil, og litt ein fÄr til... av og til meir, heldigvis. Avgarde til barnehagen for Ä henta yngsta (eldstejenta er heimfaren tidlegare, og godt ivareteke hjÄ mormor og bestn). Handlar dei naudsynte tinga som er nedskrive pÄ handleliste + 20 ting til (dersom eg handlar..., dersom sambuaren handlar vert det ofte med dei naudsynte..). Heim med ferja, middagslaging og eting. Leik, rydding (som sjeldan syner att til neste dag...), lekser og sÄ: ungane legg seg, og eg og mannen glÄmar pÄ Tv-boksen, eller har "djupe", eller fjasete samtalar om livet, utfordringar, og div. Leggetid. Godnatt! Vel det var ein vanleg kvardag, og dei er det som kjent flest av! Innimellom vert dei krydra med store og smÄ, planlagte eller uplanlagte hendingar, og dette er livet. "Alle dei dagane som kom og gikk. Ikkje visste eg at dei var sjÞlve LIVET". Men, me veit det...eigentleg, mÄ berre sei det til meg sjÞlv av og til!

sĂžndag 12. april 2009

PÄska

PĂ„skeferien i Ă„r har omfatta mykje og mangt, og samstundes vore avslappande nok, og det er der kunsten ligg! Me har halde oss i heimen i pĂ„ska. Å reisa pĂ„ ferie var ikkje sĂ„ aktuelt i alle hĂžve, for alle kjem jo pĂ„ ferie hit! Familie og vener flokkar seg og dĂ„ er det jo like godt Ă„ halda stand der me er. Veret har ikkje vore av det beste denne pĂ„ska, kan me vel hevda, men ein tur i slalombakken har det no vorte, og grilling i stranda! For meg er det nesten like mykje pĂ„ske Ă„ trekkja mot fjorden som mot fjellet, nesten.. BarndomspĂ„ska var einstydande med fjellet, og TurtagrĂž. Trur nesten det er fĂžrste pĂ„ska eg ikkje har vore der pĂ„ sĂ„ lenge eg kan hugsa...Men, kjekt har me no hatt det. Begge tanteungane har vore pĂ„ besĂžk i omrĂ„det, og tante "heilt-borte" presterte Ă„ ta med den eine (som har pollenallergi) i hĂžyet, og den andre (med nĂžtteallergi) fekk to store skiver med nugatti her ein morgon. Det gjekk godt med dei begge, det skal seiast, men eg bĂžr kanskje prĂžva Ă„ skjerpa meg litt der.. Siste dagen i pĂ„ska har alle pĂ„skeferierande reist til seg og sitt, bygda er igjen roleg - for roleg - men snart er sommaren her! DĂ„ strĂžymer nok folket pĂ„ igjen til hus og hytter i grenda og livar opp! Me bur jo pĂ„ ein sĂ„ strĂ„lande fin stad...berre synd dei ikkje vil bli her og nyta dette landlivet pĂ„ heilĂ„rsbasis! Men, me arbeider litt i skjul, og pĂ„verkar der me kan. "By-borna" tek me med rundt om i fjĂžs og hus, og lĂŠrer dei Ă„ setja pris pĂ„ tilveret her! Med mange nok, og gode nok minne, sĂ„ kanskje dei kjem att til oss! Det hadde vore fint det.....

mandag 30. mars 2009

HÄp i hengande snÞre?!

Landbrukseigedomar: Tydelegare og enklare landbrukslover! Dette er mÄlsetnaden bak lovendringsforslaget, som no har gÄtt gjennom hÞyringsrundane, og er klar til vedtak! Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk gir ei oppsummering av dei viktigaste endringane knytt til eigedomslovene i landbruk, og som omfattar endringar i odels-, konsesjons- og jordlov m.fl. Lovendringane skal gi "stÞrre forutsigbarheit og raskare avgjerder. MÄlet er Ä leggja til rette for utvikling og framtid i bygde-Norge". Dette meiner eg er "lÄvande saker". Det er ei kjennsgjerning at lovverket har representert uklÄrheit og uforutsigbarheit, og ikkje minst FRUSTRASJON i hÞve Ä forvalta dette i trÄd med mÄlsetnader for landbruk og busetjing i bygdene vÄre. Lovendringane medfÞrer, sÄ langt eg kan sjÄ, tydelegare reglar utan ein masse skjÞnn og vurderingsmulegheiter. Arealgrensa for kva som er ein landbrukseigedom gÄr opp med 5 daa (til 25daa dyrka jord), javel, men dermed er og mulegheita for Ä sÞka utsetjing eller fritak for bu- og driveplikt tatt vekk for eigedomar over denne storleiken. Dersom ein ikkje Þnskjer/vil busetja seg og driva landbrukseigedomen, mÄ ein sÞkja konsesjon, og desse omsyna skal vurderast etter konsesjonslova. I tillegg er det ein anna regel som eg trur kan verta svÊrt viktig i "kampen mot tomme hus/smÄbruk" rundt om pÄ bygdene: Slektningar som overtek eigedomar mÄ, pÄ lik linje med andre som overtek, sÞkja konsesjon, og handsamast etter dette lovverket. SÄleis kan kommunen, om dei ser mulegheitene med det...!, t.d. setja nullkonsesjons- grense for eigedomar, d.v.s. at alle eigedomsoverdragingar, uansett storleik, er underlagt konsesjon, og ein kan krevja buplikt, t.d. Dette er gjort i fleire kommunar allereie (60-70), men det nye er altsÄ at ogsÄ slektningar ved overdraging mÄ sÞkja konsesjon.

Eg trur lovendringane vil gjera det raskare Ä handsama desse sakene (unngÄr, som dagens situasjon, langdrygne saker over fleire Är med utsetjingssÞknader, avslag, klagehandsaming, o.s.b., o.s.b.), ein fÄr betre verkty for Ä ta tak i situasjonen med alle dei tomme smÄbruka/husa rundt om - DERSOM kommunen Þnskjer Ä gjera noko med dette! SÄ vil tida syna om dette slÄr til! Eg kryssa iallefall tÊr og fingrar! Her kan de lesa meir om lovendringsforslaget: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/mars-09/landbrukseiendommer-tydeligere-og-enkler.html?id=551633

mandag 23. mars 2009

Å gi litt meir fae..

Ikkje noko fin overskrift, men den uttrykkjer no eingong det eg vil fÄ fram i kveld: me mÄ (generelt sett) lÊra oss Ä gi litt meir..... ja, eg veit ikkje kva anna ord eg skal setja inn her istadenfor: faen. Slutta Ä vera sÄ opptekne av kva folk tykkjer og meiner om oss om me gjer slik eller slik. Det er no vel revnande det same, sÄ lenge me har det godt med oss sjÞlve og dei me er glad i, og det ikkje er noko som gÄr ut over andre pÄ negativt vis? Me mÄ tora Ä sleppa oss litt laus, ha det moro, kosa oss, gjera noko med draumane vÄre, tora Ä sleppa fram ukjente og uvandte idear og tankar, som kan fÞra til utvikling og glede, eller nederlag og flauser - men, dÄ har me i allefall prÞvd, og bÞr respekterast for det! Er det sÄ farleg, spÞr eg meg sjÞlv. Er det sÄ farleg om naboen snakkar om meg og pÄfunna mine som noko som "ikkje er vanleg Ä gjera her", eller som noko som "er galskap, og ikkje kjem til Ä gÄ bra..". Drit og, betre det enn at eg ikkje gjer det, av frykt for kva naboen vil seia/meina, og gÄr og lurer pÄ om det kanskje hadde gÄtt bra, ja kanskje til og med rett bra - lell....... Me mÄ lÊra oss, pÄ ein positiv mÄte, Ä GI LITT MEIR FAE.... (fÊr meg ikkje til Ä skriva siste bokstaven her, av frykt for kva naboen vil seia....)

tirsdag 17. mars 2009

Masker, roller, rollespel og maskeradeball!

Det fins mange gode skodespelarar i Noregs land, og eg er ei av dei. Gjennom dagen og livet er det fleire roller som skal fyllast, rollespel som utspelar seg og masker som beskyttar. Med fare for Ă„ bruka hĂžgtsvevande flokslar meiner eg me kan seia at livet bestĂ„r av mange scenar og rollespel, og at ektheita og det "Ă„ vera seg sjĂžlv" mĂžter utfordringar pĂ„ fleire omrĂ„de. Av og til er det rett og slett for drĂžyt, og absolutt ikkje fĂžremĂ„lsteneleg Ă„ ta heil ut "seg sjĂžlvet" i ulike samanhengar..Ta jobben t.d.. Som sakeleg (!?) sakshandsamar skal ein handsama innkomande saker i hĂžve lover og reglar og "normal" praksis pĂ„ det aktuelle feltet. SĂ„ veit ein at vedkomande sak ein skal handsama er basert pĂ„ lureri, og "testing av kor langt ein kan trekkja systemet", og det ein mest har lyst Ă„ skriva i vurderinga er: Vedkomande er ein jĂŠvla tosk som snor seg unna, og godtar seg dĂ„ han veit han mest truleg og greier det.. Saka er for dum til at eg gidd bruka tid pĂ„ Ă„ sakleg gi ei vurdering av den. Dette er meg sjĂžlv, men dette er sjĂžlvsagt ikkje fĂžremĂ„lsteneleg Ă„ skriva i svarbrevet, sĂ„ rolla som "god sakshandsamar" overtek plassen (pĂ„ godt og gale). FĂžlelsane vĂ„re er og av og til av ein slik art at det kan vera greit Ă„ kamuflera dei bak masker, for Ă„ beskytta bĂ„de oss sjĂžlve og omverda frĂ„ dei. Kor vidt ein tener pĂ„ dette i det lange lĂžp kan nok diskuterast, men det gjer ting enklare der og dĂ„. Masker, roller og rollespel er noko dei fleste av oss hĂ„ndterer i stĂžrre eller mindre grad, men verdien av Ă„ vera seg sjĂžlv fullt ut bĂžr etterstrebast, med ev. enkelte tilpassingar. For det er noko som seier at "mĂ„let heilagar middelet". Å le av ein dĂ„rleg vits, nĂ„r det er sjefen som fortel den, og lĂžnsforhandlingane er like rundt hjĂžrnet...Dersom ein er trygg pĂ„ seg sjĂžlv, og kven ein er skal dette gĂ„ bra. Det vert verre dersom rollespela og maskene tek overhand i kvardagen, og ein misser grepet pĂ„ kven ein eigentleg er og stĂ„r for. Å ha "pusterom" der maskene kan leggjast vekk og der rollespela er underordna er viktig for "seg-sjĂžlvet". Ta vare pĂ„ dei!

fredag 13. mars 2009

BOLYST og BULØST vs. BUPLIKT

Plikt vs. lÞst. Det er utan tvil noko meir tiltalane med ordet lÞst, eller lyst. Odelslova og konsesjonslova fokuserer pÄ plikt, ein har plikt til Ä BU og DRIVA ein landbrukseigedom over ein viss storleik, dersom ein vil overta den. Slik er det. Lysta er nok likevel den viktigaste og mest avgjerande faktoren Ä stimulera, dersom ein skal oppnÄ mÄlet. Kva er det som skapar lyst til Ä busetja seg ein stad? Ein del grunnleggjande ting ligg i botn: mulegheita til Ä busetja seg ein stad der ein Þnskjer Ä bu, d.v.s eit tilgjengeleg hus, vidare mÄ ein ha eit arbeid Ä gÄ til, ev. skule og barnehage, tilfredsstillande kommunikasjon (vegar, ferje, bil, buss..). Og det er kanskje fleire av dei grunnleggjande "tinga". Men, sÄ er det dei "andre tilhÞva" som pÄverkar lysta vÄr til Ä slÄ seg ned pÄ ein stad. Naboforhold, det sosiale, "det som skapar dei gode kjenslene" for staden. Dette er vanskelegare Ä setja fingeren pÄ, og kanskje tilretteleggja for, for det kan vera ganske individuelt. Det kan vera ro, fin natur, tilgang til fjell, fjord og natur. Kva er suksessfaktorane i dei bygdene der dei opplever tilflytting? Desse "nÞklane" er hadde det vore fint Ä fÄ. For, eg trur ikkje det er nok Ä setja seg ned Ä venta pÄ ev. tilflytingsstraumar ut frÄ byane, p.g.a. finanskriser og klimakriser, som forhÄpentleg kan medfÞra at folk trekk ut i periferien, der det er rimelegare hus og reinare luft. Ikkje sÄ gale at det ikkje er godt for noko, det kan jo skje med tid og stunder... Kanskje me sogar kan "stela" litt av kva som legg grunnlag for "bolysten" i byane? Litt meir toleranse, avstand nÄr ein Þnskjer det, variasjon, og respekt for variasjon og ulikskapar. Desse "nÞklane" skulle me altsÄ hatt tak i her pÄ bygda, sÄ me fekk litt fart pÄ sakene. Me er etterkvart mange om beinet, d.v.s. mange frÄflytningstrua utkantar som strebar etter Ä nÄ dei sjelene som kankje kan tenkja seg eit liv pÄ landet. DÄ er det ikkje nok Ä selja fin natur, hÞge fjell og fred og ro. Bortsett frÄ kysten (som ikkje har dei hÞge fjella..) kan vel dei fleste skilta med desse "lokkemidla". Kanskje me mÄ by meir pÄ oss sjÞlve? Og dÄ snakkar eg om den "menneskelege faktoren". Kanskje annonsa, i tillegg til flotte bilete av naturen, syner menneska som bur pÄ staden? Tja ikkje veit eg, men suksessnÞkkelen skal me no fÄ tak i, og reservenÞkkelen med!

tirsdag 3. mars 2009

Jenter og smÄ kvinner

Kor gÄr skiljet i dag? FrÄ Ä vera lita jente til Ä bli lita kvinne. "Mamma, kan eg lÄna maskaraen og den farga lipglossen din nÄr eg skal pÄ elevkveld i morgon?" Det er eldstejenta som spÞr, og eg tenkjer febrilsk attende til farne Är: nÄr byrja eg Ä sminka meg som ei lita dame. Eldste jenta gÄr i fjerde klasse, og "alle dei andre" fÄr sjÞlvsagt gÄ med sminke. Eg var dÄ eldre enn det!? Ungdomsskulen, trur eg, var eit skilje for min del. DÄ slutta gutane Ä ha gute-lus, og vart meir interessante Ä pynta seg for. Eg ser pÄ ettermiddags-programma pÄ TV'en: Hanna Montana, reklame for High school musical, Bratz the movie. Stappfullt av jenter/smÄ kvinner med "make-up", korte skjÞrt, motar og fashion. Ikkje sÄ rart kanskje at overgangen mellom Ä vera barn og lita kvinne vert pressa fram i stadig yngre alder. Men om dei visste det me vaksne veit om kor "sutaslaus" barndomen er i hÞve det vaksne livet, sÄ hadde det kanskje ikkje hasta sÄ veldig Ä bli sÄ store sÄ fort?! Jau, jau ein lyt vel berre fÞlgja straumen og handla inn maskaraen like godt fÞrst som sist. HÄpar berre ho kryp opp i fanget mitt for ei kosestund ein gong i blandt i mange, mange Är framover enda!

fredag 20. februar 2009

EMPATI

Spaltist Andrine i Fylkesmagasinet hadde eit "alvorleg" godt innlegg her om dagen (kjenner eg mÄ forklara "alvorleg"-omgrepet, som eg nyttar litt i hytt og pine: var pÄ eit seminar for ei tid tilbake, og dÄ var det ei trÞnderinne (ho-trÞnder..), som brukte dette ordet framfÞre det ho ville understreka ekstra, og det funka pÄ meg. SÄ, dÄ kopierer eg det ei stund, og ser om det har same verknaden for ei sognejinta sine yttringar). I alle fall: EMPATI, dette vetle ordet med sÄ utruleg stor tyding for samhandling og samver mellom menneske, var tema i Andrine sine refleksjonar denne gongen. Dersom innhaldet i dette ordet var noko ein kunne tileigna seg pÄ linje med matematikk og norsk, t.d., burde det snarast rÄd fÞretakast ei ny "reform" i skuleverket, der faget empati fekk topp prioritet.

Empati er evna til Ă„ setja seg inn i andre menneske sine tankar og kjensler. Å sjĂ„ saka frĂ„ deira perspektiv, og dermed forstĂ„ kvifor dei handlar som dei gjer. Å kjenna pĂ„ kroppen korleis det mĂ„ kjennast for dei. Mangel pĂ„ empati er grunnlag for mykje ilt. Andrine gjev oss fleire dĂžme pĂ„ dette. Mange krigar botnar i mangel pĂ„ denne grunnleggande eigenskapen; Ă„ sjĂ„ saka i eit anna perspektiv enn sitt eige! Kulturforskjelar er eit godt utgangspunkt for Ă„ trena opp empati-evna vĂ„r. Nye landsmenn som kjem til Noreg med sin bakgrunn og si forstĂ„ing av verkelegheita. Ein hĂžyrer ofte om konfliktar som botnar i "kulturforskjelar", og her er empati ein nĂžkkel til konfliktlĂžysing. Ein anna situasjon med grunnlag i mangel pĂ„ empati er mobbing. Hadde "mobbaren" hatt evna til Ă„ setja seg inn i mobbeofferet sin situasjon, hadde det nok vore mindre mobbing. Og for Ă„ snu pĂ„ det: kanskje mobbaren, som framstĂ„r som tĂžff og uredd der og dĂ„, eigentleg er usikker pĂ„ seg sjĂžlv, redd for Ă„ missa vener, ha dĂ„rlege familieforhold, etc. Dette kan, om ikkje rettferdiggjera - i det heile tatt!, sĂ„ iallefall forklara kvifor vedkomande oppfĂžrer seg som ei klyse! Lat oss slĂ„ eit slag for EMPATIEN, den kan vera nĂžkkelen til eit betre samfunn!

torsdag 19. februar 2009

I god (?) Hamsun Änd

Hamsun-Äret er igang, og dette vart markert i Tigerstaden i dag med m.a. gateteater og barnebarn som hÞgtideleg opna feiringa, og hÄpa at folk kan skilja mellom politikaren og forfattaren Hamsun (noko eg har vore innom fÞr, og ikkje gÄr inn att pÄ no..). I god "Hamsun Änd" tek eg med nokre ord eg kom over her om dagen: "Lukkelege er tidene nÄr fornufta og kjenslene gÄr same vegen, dÄrlegare er dei nÄr desse skil lag, og gÄr kvar sin veg. Kva veg skal ein dÄ ta?" Tja, det er nok viktig Ä fÞlgja hjartet, og det var kveldens "visdomsord".

onsdag 18. februar 2009

Eg vil eg vil, men fÄr me det til?

Eg vil sÄ gjerne at folk skal vera vener, tolerera og respektera kvarandre, skryta av kvarandre sine bragder, stÞtta kvarandre gjennom skuggedalar, oppmuntra og gleda kvarandre. Eg vil at me skal bli fleire sjeler i bygda, at borna mine finn leikekameratar innan max. 5-10 min. gange. At eg har naboar Ä drikka kaffi hjÄ, og som drikk kaffi hjÄ meg. Eg vil at me skal gleda oss MED og ikkje AV. Eg vil nytta og nyta livet, og alt det har Ä by pÄ. Eg vil ha GODE vener, ogsÄ nÊr meg, som kan hÞyra pÄ meg; om bÄde vér og personlege ting, og som eg hÞyrer pÄ. Eg vil, eg vil - og hÄpar me fÄr det til!! Litt etter kvart.....

sĂžndag 15. februar 2009

Fjordis og bÄlkos!


Har hatt ein flott dag pÄ fjord-isen i dag. Fjorden kan ein tydelegvis kosa seg med bÄde sommar og vinter. SkÞyter, bÄlkos, kaffi, vener og familie og litt fisking. Om skÞyteferdigheitene ikkje var pÄ topp, sÄ var humÞret farleg nÊr, og dette er noko me definitivt skal gjera oftare (berre isen held...)!


tirsdag 10. februar 2009

Å vera glad for det ein har..

Her om dagen kom det meg for Ăžyra at ein ulikskap mellom Noreg og nordmenn og folkeslaget i eit anna land i Europa m.a. er at me her i Noreg ikkje er glad for det me har. Me klagar og syt og er ikkje nĂžgde med liva vĂ„re. Dette er nok sett pĂ„ spissen og generalisert, men det utlĂžyste tankeverksemd for min del. For, me har det generelt sett "alvorleg godt" her i landet, men me er nok ikkje flinke nok til Ă„ sjĂ„ det. Klisjear som "mykje vil ha meir" og "graset er grĂžnare pĂ„ andre sida av gjerdet" stĂžar opp om dette. Trur ikkje graset er sĂ„ mykje grĂžnare i Kongo, eller pĂ„ Gaza t.d..... Kanskje dette er noko me kan kursa oss i? Å lĂŠra oss Ă„ sjĂ„ kva me har, og setja pris pĂ„ det? Det vera seg vener, familie, hus og heim, arbeid, o.s.b. Ein e-post eg fekk inneheldt noko av dette, fritt etter hugset: "Eg er glad for straumrekninga, for dĂ„ veit eg at eg har varme og lys i heimen min, eg set pris pĂ„ den store kleshaugen i vaskekjellaren, for dĂ„ veit eg me har nok av klede Ă„ ha pĂ„ oss, eg likar rot i leiker og kaniner under sofaen, for dĂ„ veit eg eg er omgitt av menneske eg er glad i, eg likar telefonrekningar som syner at eg har vener og kjende eg kan ringja", o.s.b. Ei slik positiv vending av noko som i utgangspunktet vert oppfatta som negativt kan gjera noko med mentaliteten, trur eg. Vel, det var no nokre tankar eg har gjort meg i kveldinga.

fredag 6. februar 2009

Harens Är

PÄ grunn av div. sjukehusopphald, venteliste pÄ biblioteket, tilgjengelegheit m.m. har eg no lese "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson (istadenfor "Kollektivt sjÞlvmord av Arto P. som eg annonserte som neste bok ut her tidlegare). Dette var ei forundarleg bok, som eg sant Ä seia sleit litt med Ä finna mÄlet og meninga med...Det hÞyrdes ikkje bra ut, men slik vart det no for min del. Kom gjerne med mot"argument". Eg er no igang med "Harens Är" av Arto Paasilinna, og eg er framleis "djupt begeistra" for Arto'en. Han skildrar inngÄande desse A3-personane (motsatt av A4), med sine utanomvanlege liv.

Ikkje sÄ gale at det ikkje er godt for noko ; )

Dersom de har sett innom denne sida fĂžr, har de kanskje fĂ„tt med dykk at underskrivne har uttrykt frustrasjon over Ă„ vera delvis avskore frĂ„ resten av verda (les: ikkje hatt tilgang til e-post og div. mapper heimefrĂ„). No har denne frustrasjonen, urovekkjande kanskje?!, gĂ„tt over til noko anna. For frĂ„ Ă„ vera delvis avskore frĂ„ "e-post verda", har eg siste veka vore HEILT skjerma frĂ„ Ă„ kunne senda eller motta mailar frĂ„ bĂ„de her og der (kontoret). Frustrasjonen over dette har gĂ„tt over til Ă„ bli, tja, ei lette (nynorsk for lettelse?)?! No har eg ei utruleg (!?) god unnskylding for ikkje Ă„ ha fulgt heilt med i verda (eller jobben..). NĂ„r folk spĂžr meg om eg har sett den og den fĂžrespurnaden sendt pĂ„ e-posten, sĂ„ svarar eg, "nei, for eg har ikkje tilgang til e-posten min!". Og dĂ„ er det sjĂžlvsagt ei god nok forklaring pĂ„ saken. HĂžyrde pĂ„ "Grosvold" tidlegare i kveld at Lars Lillo Stenberg (De Lillos) ville innfĂžra eit nytt verb til ordboka: Ă„ hugseglĂžyma. Eg trekk litt parallellar til den snikande avslappande kjensla til Ă„ ikkje kunne motta og senda e-post til forklaringa bak det "nye ordet", nemleg at i dag er det sĂ„ mykje informasjon som skal mottas, tenkast pĂ„, planleggast, svarast og handlast pĂ„ at ein nesten er nĂžydd Ă„ hugsa Ă„ "glĂžyma" noko av det, dersom ein skal kunne ha det greit med seg sjĂžlv og andre. Hjerna vĂ„r mĂ„ fĂ„ ut noko informasjon og aktivitet for Ă„ fĂ„ inn ny! Kapasiteten kan sikkert variera frĂ„ individ til individ, men. Ja, ja, medan eg ryddar i kapasiteten min (ved Ă„ innta avgrensa -ingen-informasjon frĂ„ e-posten), arbeider dei pĂ„ spreng for Ă„ lĂžysa "e-post mysteriet", sĂ„ mĂ„ndag bĂžr nok hjerna vera rydda og klar til innsats. DĂ„ ligg det nok nokre e-postar og ventar pĂ„ hjernekapasiteten igjen. (NĂ„r eg no les gjennom dette innlegget, kan eg sjĂ„ at det verkar som eg ikkje er heilt avslappa til faktumet: ingen e-post-tilgang, i og med at eg mel oppatt og oppatt om dette, men: EG ER NO FARETRUANDE AVSLAPPA TIL HEILE GREIA; BERRE SÅ DET ER SAGT EIN GONG TIL!!

fredag 30. januar 2009

"Sippeguri"

Eg er ei "sippeguri", heilt klart og utan tvil. Dersom du slĂ„r dette opp i ordboka tvilar eg pĂ„ at du finn noko god forklaring pĂ„ ordet, men det skal du fĂ„ hjĂ„ meg. Eg sippar og vert blaut i augo for det mest utenkelege og utrulege du kan tenkja deg. Ta t.d. "Jul i Svingen", eit uskuldig barnetv-program, som gikk kvar dag fĂžr jul her for eit par Ă„r sida. Sluttmelodien i den serien var nok til Ă„ "slĂ„ meg ut", tĂ„rene rann og eg prĂžvde beskjemma og i sjul for borna Ă„ snufsa frĂ„ meg utan for mykje lyd og saltvatn... Det var berre slik ein rĂžrande melodi! No sist: "Mamma mia" med alle desse sentimentale ABBA lĂ„tane. Der kom det ein song som omhandla dette med borna som vert alt for fort vaksne, kvar vart tida av..., det var sĂ„ mykje me skulle gjera saman..., o.s.b. - sipping og tĂ„rer i strie straumar. "Kva grin du for no dĂ„ mamma?" Nei, jau... det er sĂ„ rĂžrande tekst. "Kva betyr rĂžrande, mamma?" Nei, jau... det er litt trist, liksom. "Å, ja, du grin no for alt muleg rart du, mamma!" Og det gjer eg verkeleg. Ei kanskje nĂŠrliggjande forklaring pĂ„ auka hormoninnhald i kroppen er jo: graviditet, men det er det altsĂ„ ikkje i mitt tilfelle. Den einaste forklaringa i den retningen mĂ„ vera at det "heng att" eit hormon eller to frĂ„ forrige svangerskap, som skapar seg galne i delvis upassande situasjonar. Det er vel forsĂ„vidt verre ting Ă„ henga seg opp i her i verda, som matkrise, finanskrise og influensa..?, men, det var no berre det eg ville seia; at er det nokon som fĂžrler seg litt i mangel pĂ„ hormon, litt kjenslekalde og elles utafor, sĂ„ har eg hormoner til sals her!

torsdag 29. januar 2009

Over stokk og stein...

Nei no fÄr det altsÄ vera nok! P.g.a. ein eller anna data-jypling-virus-lagande-nerd har eg vore utan e-post (heime), og tilgang til mykje av det eg skulle hatt tilgang til pÄ heime pc'en min i over ei veke. NÄr i tillegg influensa eller kraftig forkjÞling, eller kva det no er, herjar i familien, og gjer at eg og mannen mÄ veksla mellom Ä vera heime med sjuke born (og delvis oss sjÞlve - sjuke altsÄ), og absolutt burde kunne hatt mulegheit til Ä arbeida heimefrÄ. Iallefall, nÄr det m.a. er eit stÞrre seminar som skal gÄ av stabelen om litt over ei veke, og som det i siste time mÄ gjerast stÞrre endringar i programmet pÄ - noko som medfÞrer auka telefon og e-post aktivitet til alle involverte... Ja, sÄ er det sÞren meg ikkje heilt som det skal vera! Temperaturen stig, bokstaveleg og billedleg, og sÄ - oppÄ all denne elenda greidde eg Ä GLØYMA mobilen min pÄ arbeid i dag!!!(og me har ikkje fasttelefon...), og eg skal dÄ etter planen ikkje pÄ arbeid fÞr pÄ tysdag! DÄ er det eg byrjar Ä lura pÄ korleis alt dette heng saman, og korleis eg eigentleg er navla, for dette er dÄ nesten for dumt til at det skal gÄ an? Men, det gÄr an, og her sit eg og bloggar ut av meg frustrasjonen, og tenkjer pÄ at det eigentleg er "litt skummelt" kor avhengige me er blitt av denne teknologien for Ä fungera. Det ordnar seg nok til slutt, det gjer ofte det, og nÄr det gjeld telefonen, sÄ skal sambuaren pÄ arbeid og fÄr tak i den i morgon...

mandag 26. januar 2009

Desse mÞrke vintermÄnadane....

Januar og februar er eigentleg ikkje blant favorittmÄnadane mine. MÞrke og kalde. Jula med alle dei sprakande lysa er pakka vekk, og det er ...mÞrkt. Men, det gjeld Ä halda motet, tolmodet og sinnet oppe. Det fins dÄ stearinlys, og ved til Ä stappa i JÞtulen! Og det er lys i enden av den mÞrke tunellen - sola skin litt lenger for kvar dag, og det merkar ein allereie ved at det framleis er snev av lys nÄr ein kjem at frÄ arbeid ein mÄndags ettermiddag. Jau dÄ, me skal nok greia oss over kneika i Är og!

fredag 23. januar 2009

"De hengte revenes skog"

Jepp, Arto er ein av favoritt-forfattarane mine no! Eit saftig sprÄk, herlege, litt halvgale karakterar (iallefall ikkje A4-takk og lov!), eit merkeleg samansett scenario med desse atypiske personane som for ei tid lever saman i ei hytte i dei finske skogane. Galgenhumor og fantasi, og ei snodig blanding av skoltesamar, drukne majorar, tjuvar og mordarar, og sÄ denne skogen dÄ, som til slutt vert siste endestaden for ei mengd tyske turistar....! Denne boka vil eg absolutt anbefala til fleire, og eg for min del "hoppar" vidare til "Kollektivt sjÞlvmord" av same forfattar!

torsdag 22. januar 2009

tirsdag 20. januar 2009

Heia OBAMA !

Vil berre seia HEIA OBAMA, og mÄtte alle gode spÄdomar gÄ i oppfylling for det amerikanske folket og resten av verda!

Muleum - ferdig! De hengte revenes skog - pÄbyrja!

Muleum, som syner seg Ă„ vera "museum" pĂ„ barnesprĂ„k, er ferdig lest, og her er dommen min: Ei god bok, utforma som dagboka til ei ung jente som pĂ„ tragisk vis misser begge foreldra og ein bror. SprĂ„ket er "fandenivolsk", vil eg seia, prega av sinnstemninga til denne jenta. Ho har mista livsgneisten, og mykje av tankane hennar svirrar kring korleis ho pĂ„ best muleg vis kan fölgja familien "til himmels", altsĂ„ ta sjölvmord. PĂ„ denne "ferda" gĂ„r ho mellom anna gjennom ein högst uplanlagt graviditet. Dette er vel eigentleg det einaste eg reagerer pĂ„ som noko "litt lite realistisk" i boka. Men, det er ĂČg ein vesentleg og viktig del av boka, dĂ„ dette er med pĂ„ Ă„ snu "sorga til glede" for jenta. Derfor, trur eg, eg hengde meg litt opp i akkurat dette. Eg tok meg sjölv i Ă„ skulda litt pĂ„ at det jo er ein mann som har fört pennen, og at det derfor naudsynt vis mĂ„ mangla litt pĂ„ kunnskapane kring Ă„ vera svanger. Det eg tykte var noko merkeleg var, for Ă„ problematisera noko som kanskje ikkje burde problematiserast.., kor lite merkbart dette svangerskapet var. Ingen ömme bryst, ingen kvalme, ingen "djupare tankar" kring dette med at det var eit barn i magen til denne stakakkars jenta, inga skildring av etterkvart trongare klede - og dĂ„ sett i lys av at det er ho som skriv dagboka. BrĂ„tt var berre barnet der, pĂ„ eit vis, og redda jenta - og boka (for min del : )! Ja, ja, noko skal ein vel henga seg opp i - og eg tenkjer at det kan jo vera dei som har sĂ„ "enkle" svangerskap ĂČg. Kva veit eg! Summa summarum: ei god, og absolutt lesverdig bok!

No er eg i gang med "De hengte revenes skog" av Arto Paasilinna. Kom gjerne med synspunkt pÄ dei to nemnde bökene, dei som mÄtte ha lese dei!

fredag 16. januar 2009

Motsetnader

Eg er glad i utfordringar - eg er redd for Ă„ ikkje meistra nye situasjonar
Eg er glad i jentene mine - ingen (nesten) kan gjera meg sÄ sint som jentene mine
Eg er glad i Ă„ reisa til nye stader - eg elskar Ă„ vera heime
Eg likar Ă„ nyta "einsemda" om kvelden etter at alle andre har lagt seg - eg er selskapssjuk
Eg tykkjer jobben min er interessant (for det meste..) - helga kan ikkje koma fort nok
Eg er nÞgd med livet mitt (stort sett) - det er sÄ mykje eg kunne tenkt meg, og lista er ikkje uttÞmmande....
Oppsummert; livet bestÄr av motsetnader, noko kan forklarast med humÞr, dagsform, situasjon, m.m. medan andre ting ikkje kan, og kanskje ikkje bÞr, forstÄast. Slik er det berre! Som oftast veit ein kvar og korleis ein vil ha det, medan vegen dit ikkje alltid er like klÄr....

tirsdag 13. januar 2009

Hamsun? Ja takk!

Teatersjef Otto Homlung ved TrÞndelag Teater stiller seg imidlertid kritisk til feiringa av "den nazistiske forfatteren Knut Hamsun", og erklÊrer teateret for hamsunfri sone i jubileumsÄret. Dette kunne ein lesa pÄ adresseavisa si heimeside i gÄr. Ein kan vel kanskje seia at premiera pÄ filmen om motstandsmannen "Max Manus" heller ikkje var det beste "startskotet" pÄ HamsunÄret 2009, eit noko uheldig samantreff...
Men eg er vel av den oppfatning at det mĂ„ vera lov Ă„ vera sterkt motstandar av det Hamsun stod for, og samstundes vera sterkt imponert av forfattaren Hamsun, og evna han hadde til Ă„ formidla kjensler, og det indre livet i menneska. Å skilja sak og person, meiner eg! Debatten kring temaet kan elles fĂžlgjast Her!

sĂžndag 11. januar 2009

Krisepakkar

Krisepakkar kjem i mange former no om dagen. Den Þkonomiske krisa har eskalert opprettinga av desse "krisepakkane", som skal demma opp, ev. utsetja, den fullkomne (uunngÄelege?)KRISA. Men, korleis er dette eigentleg. Kan me veksa og veksa, industrielt, Þkonomisk og elles til det uendelege? Er det ikkje noko endeleg tak pÄ denne veksten? Det trur eg nesten det er. Og "krisepakkar" hjelper kanskje ei stund, hindrar nokre prosent auke i arbeidslÞysa, og staggar nedturen.... Men, ein mÄ kanskje - i eit litt lenger perspektiv - ta inn over seg at fleire enn oss i den meir velstÄande delen av verda vil opp pÄ eit meir "velstÄande nivÄ", at ressursane som ligg til grunn for vekst ikkje er uendelege, og at me mÄ snu litt pÄ korleis me forvaltar det me har rundt oss... Kanskje me kan greia oss med litt mindre? For som eg hÞyrde i eit interessant program her for ei tid attende: Det er ikkje jorda me mÄ redda, det er faktisk oss sjÞlve - menneska - for jorda overlever alltids, med eller utan oss...

lĂžrdag 10. januar 2009

Muleum av Erlend Loe

Er godt i gang med "Muleum", sĂ„ vidt eg veit siste boka til Erlend Loe (for vaksne). Det er tunge tankar hjĂ„ ei ung jente som misser sine nĂŠraste i ei flyulukke, som pregar boka (sĂ„ langt). MĂ„ strikka litt pĂ„ ullpleddet mitt innimellom for Ă„ fĂ„ opp att humöret.. For det er tragisk. Eg har imidlertid kikka litt pĂ„ siste side (noko eg vil understreka eg ikkje har for vane Ă„ gjera, unntatt i naudshöve- berre litt, men nok til Ă„ skjöna att det ikkje endar sĂ„ verst likavel!). Har lese Doppler om den "moderne" mannen ĂČg, og dette var ei heilt anna bok i ein ganske anna sjanger. Nokre tankar eg gjorde meg etter den boka var: "Stakkar dama til mr. Doppler!", "for ein egoist!", og "Det der kunne nesten eg, til tider - iallefall i ei "noko mindre drastisk form" ha tenkt meg!!" Det var det der med kva som vert forventa av ein, samvitet, det ein eigentleg önskjer ut av livet, o.s.b.......

onsdag 7. januar 2009

Litt om bĂžker...

Eg likar godt Ä lesa bÞker, og dei seinare Ära (etter at jentene har vakse litt til) har eg etterkvart lese litt av kvart. Ønskjer Ä dela "bok- og forfattar-erfaringar" med andre som kanskje har meiningar om ulike bÞker. Det er no tanken, iallefall - som ein slags "mini-internett-bok-ring", kanskje? Me fÄr sjÄ korleis det kan bli!

tirsdag 6. januar 2009

Feriedagen

Kvelden fÞr siste feriedagen, og planen er klar: Sova lenge (iallefall til 09:00!), jentene stÄr opp sjÞlve - har overnattingsbesÞk- og vil leika i fred og fordragelegheit store delar av morgondagen. Eg stÄr opp - utkvilt, lagar frukost til oss, og har deretter ingen, INGEN planar, ingen "forpliktingar", ingen som forventar noko spesielt av meg, ingenting..Huset ser noko bomba ut, men det skal eg greia Ä oversjÄ. Mannen skal pÄ utearbeid, og er allereie pÄ veg ut dÞra nÄr eg kjem ned. Total sjÞlvdyrking er det einaste eg har tenkt Ä fÞreta meg.


Morgonen etter; eg stÄr opp, klokka er litt over ! 09:00, jentene har sett barneTV og leikar fullstendig utan intriger pÄ badet. Mannen har allereie ete frukost, og er pÄ veg ut. Frukosten er servert, og alt gÄr etter planen. Men faen: det er tomt for brÞd! Ok, fÞrst ta ut av oppvaskmaskina-og setja inn att i, for Ä fÄ plass til Ä laga deigen, lagar deigen og set den til heving.


No set eg meg i sofaen, tek opp boka mi og les eitt par-tre sider, sĂ„ kjem SOLA! Ut pĂ„ tur for Ă„ sanka c-vitamin. Jentene vil ĂČg ut - finn luer tre vottar, etterkvart fire vottar, sko til alle, og iveg! Mine planar er Ă„ gĂ„ ein veg, medan dei skal fĂ„ kosa seg i akebakken, men: dei vil gĂ„ "min" veg. Me akar saman nedover sĂ„ lagt bakken gĂ„r, men etter nedoverbakke kjem ofte oppoverbakke, eller i beste fall flat mark, og det tykkjer ikkje alle er like greitt. Minstejenta mĂ„ overtalast, og delvis halast tilbake til heimen, og me returnerer trĂžytte, ein smule sure, men med forhĂ„pentlegvis nokre fleire C-vitaminer innafor alle kleda.


Vel inne har sola gÄtt ned, jentene er svoltne, og deigen ferdig heva. Lagar lÞnsj, knar og formar 5 langbrÞd og fÄr dei i omnen. SÄ, tilbake til planen og sofaen! 10 min. seinare kjem mannen att frÄ utearbeid, og det er dags for Ä laga middag. Middagen vert laga og oppeten, og klokka rundar barneTV-tid. No fÄr eg lese nÊrare 20 sider i boka mi, konverserer med mannen om dagens hendingar, steller og legg borna, og fÄr 10-20 sider til i boka mi fÞr augeloka gir signal om at dei vil til sengs.


I ettertid spĂžr eg meg sjĂžlv om kva som gikk gale. Kor vart det av feridagen med total sjĂžlvdyrking og avslapping?? Ja, ja, det kjem vel fleire feriedagar med nye planar og mulegheiter!

mandag 5. januar 2009

BYGDELIV

Eg har studert litt pĂ„ trendar nĂ„r det gjeld flyttestraumar, og kome til at det ikkje ser bra ut. I alle fall ikkje om du bur pĂ„ bygda, og kanskje ikkje om ein bur i byen heller – ting heng jo saman. Folk sĂžkjer inn mot tettare befolka omrĂ„de, det er hovudtrenden. Men, sĂ„ har du dei som gĂ„r motstraums, og sler seg ned der knapt nokon kunne tru at det gikk an Ă„ bu! Kva er det som tiltrekk desse sjelene ved bygdelivet, og kven er dei? Stikkord for oss som vel bygdeliv framfor byliv trur eg m.a. kan vera: familierĂžter, friheit av ulikt slag, naturen og bygdemiljĂžet generelt. Eg er og sjĂžlv tilbakeflytt etter nokre Ă„r nĂŠr storbyen i utdanningsaugemed, for deretter nokre Ă„rs ”avklimatisering” i ein bygdeby, fĂžr eg enda oppatt i mi barndoms bygd. NĂ„r nokon spĂžr meg kvifor eg kom attende, er det ikkje heilt lett Ă„ svara pĂ„ det. No kjem eg frĂ„ gard, der eg er eldst og dermed har odelsrett. Det er ein ting. Eg har mykje av familien min i omrĂ„det, og eg tykkjer det er trygt og godt Ă„ vera her pĂ„ eit vis. Eg ser og uttallige mulegheiter for framtida, nĂ„r det gjeld utvikling av nĂŠringsvegar og utvikling generelt her. Det har nok litt med at eg har foreldre som og har sett mulegheitene, og ikkje latt det skina gjennom at ”her er inga framtid, her mĂ„ du koma deg ifrĂ„”. Eg mĂ„ likevel seia at det er ein del spm. som svirrar rundt i toppen pĂ„ jakt etter tryggande svar frĂ„ meg sjĂžlv eller andre: er dette rett? VĂ„re smĂ„ hĂ„pefulle er nĂŠr sagt aleine i sin generasjon i bygda. BĂ„t eller bil mĂ„ til for Ă„ treffa jamnaldringar, eller koma seg pĂ„ skule/barnehage. Kva skal til for Ă„ fĂ„ fleire hit?

Kor gĂ„r grensa mellom Ă„ vera ei levedyktig bygd og ein flott feriestad, og kan dette kombinerast? Kva seier og meiner (det kan vel forresten vera to ulike ting..) dei fastbuande innbyggjarane i slike grender og bygder om det som skjer? Er det greit for bestefar, som la all sin fysikk og heile si sjel i Ă„ skapa ein heim og eit levebrĂžd for seg og familien, at smĂ„bruket no er feriebustad for nokre fjerne, eller nĂŠre slektningar, som fĂžler djupe rĂžter til bruket – dei er jo tjukkaste slekta. Kanskje er det heilt greit!… Eller, er det viktig for ”bestefars-generasjonen” Ă„ sjĂ„ at smĂ„bruket vert vidarefĂžrt i drift! – og gjerne av ein familie, gud hjelpe meg, utan slektsband i det heile? Dette er spĂžrsmĂ„l ein kan stilla seg.

Korleis er det Ă„ ha djupe fĂžlelsar og rĂžter til ein stad, som etterkvart gĂ„r frĂ„ pulserande bygdeliv til ”av/pĂ„-feriestad”. NĂ„r dei du mĂžter utom dĂžrane ikkje lenger er ”tante Lillian” pĂ„ haugen som alltid har budd der, eller bygdesnĂ„lingen Knut, som livar opp med artige historiar frĂ„ tidlegare tider i bygda. NĂ„r dei du mĂžter, om du er heldig Ă„ ha lagt ferien hit til same tid, er niesene til ”tante Lillian”, som no bur i Drammen, men som etter odelslov og elles rettmessig, har arva smĂ„bruket frĂ„ ”tante Lillian”. Niesene til Lillian kan vera spanande nok dei, det er ikkje det eg meiner, men loll: Vert bygda like fĂžlelesmessig og ”rotmessig” attraktiv Ă„ feriera i nĂ„r den tida kjem? FĂžlelsar og tilknytning til ein stad skal ein ikkje kimsa av, og det Ăžnskjer eg heller ikkje Ă„ gjera. Til sjuande og sist kan nettopp fĂžlelsane til staden vera med pĂ„ Ă„ avgjera at ein Ăžnskjer Ă„ bu der, i alle fall nĂ„r det gjeld tilbakeflyttarane. Likevel spĂžr eg meg, og for sĂ„ vidt dykk der ute, om fĂžlelsane er like reelle nĂ„r ei bygd endrar karakter, som nemnt over. NĂ„r barndomsminna frĂ„ eit levande bygdeliv er skifta ut med eit feriestadpreg, utan Ă„ utdjupa det meir her og no. Kanskje er dei det. Dette er litt i ytterste konsekvens, det er eg klar over, men trendane gĂ„r veldig tydeleg i den retninga. Og dĂ„ mĂ„ det vera lov Ă„ reisa spĂžrsmĂ„let om kva som skjer med sĂ„nne smĂ„ bygder nĂ„r den eldre generasjonen gir seg..

Og enda viktigare: kva kan, bÞr og vil me gjera med det?! Eg vil gjerne oppfordra alle lesarane av SÞrheims Tidende, bÄde fastbuande og ikkje fullt sÄ fastbuande, om Ä tenkja litt gjennom dette eg no har prÞvd Ä formidla. SpÞr deg sjÞlv: kva Þnskjer eg for bygda mi framover, og korleis kan eg gjera noko med det.

Ønskjer meg sjĂžlv og alle andre ”bygdebuarar”: lukke til med framtida. Eg veit me er fleire med eit brennande Ăžnskje om levande bygder!

Starten

Det heile (bloggen) starta med ein inspirerande debatt pÄ ein anna "Lustrablogg" for eit par dagar sidan. Dette gav meirsmak, og eg bestemde meg for at dette var noko eg vil prÞva meg meir pÄ! SÄ "mannemi" er no offisielt opna, og eg vil bruka denne sida til meiningsytringar og refleksjonar om likt og ulikt, stort og smÄtt, som eg hÄpar kanskje kan engasjera og inspirera andre enn meg sjÞlv..

Godt nytt Ă„r godtfolk! Me har sĂ„vidt entra 2009, med alle dei mulegheiter, hendingar, sorger og gleder dette Ă„ret vil bringa. Det er tid for Ă„ leggja gamle uvanar bak seg og erstatta dei med nye ; ). Eg feira nyttĂ„rsafta pĂ„ stĂžlen Hovden (litt under 800moh), saman med sambu og minstejenta, og etter kvart utpĂ„ kvelden svoger Dag. Triveleg kveld i primitive, men du sĂ„ flotte omgjevnader. StjerneklĂ„rt, gnitrande snĂž og nokre grader minus. Fyr i omnen, UNO, rakettar og god mat. DĂ„ kan ein ĂČg sjĂ„ vekk frĂ„ til tider "litt missnĂžye" frĂ„ den minste av oss, over trasking i litt vel hĂžg snĂž.... Eldste jenta feira nyttĂ„r med besteforeldre, tante og onklar heime pĂ„ Ornes, og hadde tilsynelatande hatt det fortreffeleg der, og sakna mor si altfor lite....
Iallefall, klar til nye utfordringar og spennande dagar i det nye Äret!

Den blÄ tidsklemma

Me var pĂ„ veg ut dĂžra, eg og mine to sĂžte smĂ„ pĂ„ 9 og 5, for Ă„ rekkja jobb, skule og barnehage, dĂ„ tidsklemma, som til no har vore eit mykje omtala begrep i ulike mediar vart til ein konkret liten ting. Mor og barn hadde komme seg opp frĂ„ senga, kledd seg, ete frukost og var no kome til gongen og i gang med ytterkleda. Me var ”i rute”, og skulle no berre ut dĂžra ”fortast muleg” (som forresten og har fĂ„tt ny meining etter at smĂ„trolla kom…..). Sara, kvar er klemma i luggen din? ”Veitsj eg”. Luggen til Sara, yngstejenta, har vore eit tema i familien ei stund no; klipp eller aling. Formaninga frĂ„ mor er: dersom du ikkje klypper luggen skal den til alle tider fjernast frĂ„ ansiktet med eksempelvis klemmer. Det er avtalen nĂ„r det gjeld luggen til veslegull, som no rekk ned over augo. Skal ikkje ha noko rampejentefjes pĂ„ den vesle engelen vĂ„r…. Men, altsĂ„: luggen var no pĂ„ ingen mĂ„te fjerna frĂ„ fjeset, og me var i gang. No er det ofte slik med klemmer som med sokkar; ein kjĂžper ofte to i slengen, sĂ„ forsvinn ei, sĂ„ den andre, enda innkjĂžpstalet mĂ„ ha runda hundre i lĂžpet av dei siste par Ă„ra. Det var ikkje ei rosa klemme Ă„ oppdriva denne morgonen (for rosa er det som gjeld for Saramor, som er midt i prinsessealderen). Me leita hĂžgt og me leita lĂ„gt, og sĂ„, etter 10 min. intens endevending av det meste, dukka det opp ei klemme oppi jakkelomma til mor (som ho hadde bore med seg pĂ„ heile leiterunden..), og den var BLÅ. Det var blant julepresangane frĂ„ tante ”heilt borte”, som tydlegvis ikkje har fĂ„tt med seg at verden skal vera lyseraud!!!! Nei, eg vil ikkje ha den der, den er jo BLÅ, det er ei gutteklemme! Ingen gode argument, som t.d. at gutar veldig sjeldan alar luggen og bruker klemmer nyttar no, det er det nok ikkje snakk om. SĂ„ dĂ„ tek mor sin nye umistelege investering: ein rosa sprittusj, og tryllar klemma rosa! Heilt greitt!! Rampejenta fĂ„r englefjes att, med luggen dradd til sides, og mor skriv pĂ„ handlelappen: 100 stk. rosa klemmer (for Ă„ unngĂ„ tidsklemma igjen…).