Mai er hĂžgtid, sjĂžlv om veret har variert enormt dei siste vekene. Andre helga i mai var eg i konfirmasjon til desse kjekke karane, Daniel og Lennart.
Tida flyg og smÄrollingane pÄ Alnes er plutseleg halvvaksne karar pÄ 14 1/2 Är. Stramme med dress og greier. Heldigvis klarer eg Ä slÄ dei i Fifa innimellom...
Ragnhild tok ogsÄ turen til GodÞya, sÄ vi fekk vise oss fram i dei flotte bunadane vÄre.
Berre to veker tidlegare var vi i konfirmasjonen til
Sara med same "outfiten", sÄ det har vore mykje god mat og herleg stemning den siste tida.
17. mai og den pÄfÞlgjande helga var eg i Bergen, der eg fekk lÄne eit rom og ei seng i Jonas Lie-kollektivet.
Tusen takk til Jan Oskar, Ruben og Tore (og Karoline, sjĂžlv om ho ikkje var der...) for fantastisk vertskap!
Dessverre vart dette siste gongen eg overnatta pÄ Danmarksplass for no...
...for frÄ 1. juni disponerer eg visst ei kjellerleilegheit i BreistÞlen 31A. Til hausten skal eg studere og jobbe i Bergen, og med ei utsikt som denne skal eg muligens overleve - sjÞlv om det vert mange lange oppoverbakkar.
Etter sju Är med lite trim og mykje kÞyring er det kanskje pÄ tide Ä kvitte seg med bilen og kome i form igjen? SuperNils pÄ nye eventyr, party party!