Hopp til innhald

Audi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audi


Org.formAksjeselskap i Tyskland
BransjeBilindustri, kjøretøyskonstruksjon
Skipa1909
Forgjengar(ar)Auto Union
EigarVolkswagen Group
MorselskapVolkswagen Group
DotterselskapDucati Motor Holding, Lamborghini, Bentley, Audi Sport, Sauber, Audi
Eigenandel iAudi Magyarország, FC Bayern München AG, E-Solutions Inc., Audi Forum Ingolstadt, Lamborghini, Ducati Motor Holding, Ducati
HovudkontorIngolstadt
LandTyskland, Det tyske riket
Produktbil
Grunnleggjar(ar)August Horch
StyreleiarMartin Winterkorn (1. januar 2007)
Adm.dir.Gernot Döllner
Salsinntekter5 400 000 000 euro (2019)[1]
Omsetnad5 400 000 000 euro (2019)[1]
Resultat4 300 000 000 euro (2019)
Nettstadhttps://www.audi.com (engelsk), https://www.audi.co.za/ (engelsk), https://www.audi.de/ (tysk), https://www.audi.fr/ (fransk)
Audi A8

Audi er eit tysk bilmerke som sidan 1964 har vore ått av Volkswagen.

Selskapet vart grunnlagt den 14. november 1899 av August Horch som A. Horch & Cie,[2] og sende ut sin fyrste bil i 1901. Selskapet vart til Audiwerke GmbH i 1909. I 1932 vart Audiwerke slege saman med tre andre tyske bilselskap, DKW, Horch og Wandrer, for å forma eit nytt selskap, Auto Union AG. Auto Union fekk den karakteristiske logoen med dei fire ringane. Daimler-Benz AG kjøpte fleirtalet av aksjane i Auto Union i 1958, og selde dei vidare til Volkswagenwerk AG i 1964. Volkswagen gjorde Audi til dotterselskap i 1966.

«Audi» tyder ‘høyr’ på latin. Dette namnet kom i bruk i 1909 som ei omsetjing av etternamnet til grunnleggjaren August Horch. Grunnen til det var at Horch hadde forlate det opphavlege selskapet etter at han rauk uklar med dei andre eigarane, og dimed miste eineretten til merket «Horch».

  1. 1 2 https://web.archive.org/web/20131002114230/http://www.volkswagenag.com/content/vwcorp/info_center/en/publications/2013/03/Y_2012_e.bin.html/binarystorageitem/file/GB+2012_e.pdf. Arkivert frå originalen (PDF) 2. oktober 2013. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ «History», audi.com (på engelsk), henta 13. oktober 2022

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Audi