Hunky Dory
| Hunky Dory Studioalbum av David Bowie | ||
| SprÄk | engelsk | |
| Utgjeve | 17. desember 1971 | |
| Innspelt | Juni-august 1971 i Trident Studios i London | |
| Sjanger | Glamrock, folkrock, kunstrock | |
| Lengd | 41:49 | |
| Selskap | RCA | |
| Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
| David Bowie-kronologi | ||
|---|---|---|
| The Man Who Sold the World (1970) |
Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) |
| Singlar frÄ Hunky Dory | ||
|
||
Hunky Dory er det fjerde studioalbumet til den engelske artisten David Bowie, spelt inn i midten av 1971 gjeven ut pÄ RCA Records i desember det Äret.[1]
Det var det fÞrste albumet til Bowie pÄ RCA, som vart plateselskapet hans dei neste ti Ära. Albumet vart skildra av Stephen Thomas Erlewine i Allmusic som «ei blanding av mange popstilartar, berre knytt i saman av visjonen til Bowie: ei feiande, filmaktig blanding av hÞg og lÄg kunst, tvitydig seksualitet, kitsch og klasse.»[2]
Albumet har vore kritikarrost sidan det kom ut og vert rekna som eit av dei beste verka til Bowie. Time valde Ä ta med albumet pÄ lista over dei 100 beste albuma gjennom tidene i januar 2010 og skreiv at det var Bowie sin «jordnÊre ambisjon om Ä vere ein boho-poet med Þydsla stil».[3] Stilen pÄ plateomslaget, designa av George Underwood, var inspirert av ei fotobok av Marlene Dietrich som Bowie tok med seg til fotograferinga.[4][5]
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Med Tony Visconti ute av Bowie-leiren, tok Trevor Bolder over pĂ„ bass og Hunky Dory vart det fĂžrste albumet med alle medlemmane i bandet som Ă„ret etter vart kjend som Ziggy Stardust sitt Spiders From Mars. Utan Visconti som produsent, var albumet ĂČg det fĂžrste som vart produsert av ein annan viktig person i Ziggy-fasen, Ken Scott. PĂ„ plateomslaget stod det «Produsert av Ken Scott (assistert av skodespelaren)» «Skodespelaren» var Bowie sjĂžlv, som i fĂžlgje NME-redaktĂžrane Roy Carr og Charles Shaar Murray likte «tanken om seg sjĂžlv som ein skodespelar».[6]
Stil og tema
[endre | endre wikiteksten]Forfattaren David Buckley har sagt dette om albumet: «Det er nesten easy listening og musikken pĂ„ albumet trekk fokuset bort frĂ„ at tekstmessig sett er denne plata grunnlaget for den framtidige karrieren til Bowie.»[7] Opningssporet «Changes» fokuserer pĂ„ ein artist sin trong til Ă„ fornye seg («Strange fascination, fascinating me / Changes are taking the pace I'm going through») og det Ă„ ta avstand frĂ„ hovudstraumen i rock («Look out, you rock ânâ rollers»). Men Bowie tok seg ĂČg tid til Ă„ hylle sine eigne heltar i songane «Song for Bob Dylan», «Andy Warhol» og The Velvet Underground i «Queen Bitch».
Bowie flyttar seg her bort frĂ„ hardrocken som prega det fĂžrre albumet, The Man Who Sold the World, og gĂ„r i staden mot pop og folkrock, som ĂČg prega albumet Space Oddity. Her var lette songar som «Kooks» (som Bowie tileigna sonen Duncan Jones, dĂ„ kalla Zowie Bowie), og som han skreiv dagen han vart fĂždd) og Bowie si utgĂ„ve av «Fill Your Heart» i lag med tyngre materiale som den buddhismeinspirerte «Quicksand», og den delvis sjĂžlvbiografiske «The Bewlay Brothers». I mellom ytterpunkta finn ein «Oh! You Pretty Things», der popmusikken delvis gĂžymde teksten (inspirert av Nietzsche), som varsla at den moderne mannen kom til Ă„ verte erstatta av «Homo Superior», og som kritikarane meinte peika fram mot songen «Starman» pĂ„ Bowie sitt neste The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.[8]
Utgjeving og etterverknad
[endre | endre wikiteksten]| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| Robert Christgau | Aâ[9] |
| Rolling Stone Album Guide | |
| Spin Alternative Record Guide | |
| Pitchfork Media | (10/10)[12] |
Bowie hadde vore utan platekontrakt dĂ„ han starta innspelinga av albumet ved Trident Studios den 8. juni 1971.[13]RCA Records i New York hĂžyrde lydbanda og signerte han for ein avtale for tre album, som vart signert den 9. september 1971. Hunky Dory kom ut to mĂ„nader seinare, den 17. desember.[7][14] Albumet kom ut samstundes med singelen «Changes» og fekk generelt god kritikk og selde forholdsvis bra dĂ„ det kom ut, utan at det vart den heilt store suksessen.[6] Melody Maker kalla det «det mest nyskapande musikkstykket som har kome pĂ„ plate pĂ„ lang tid», medan NME skildra det som Bowie pĂ„ «sitt mest briljante».[15] Rolling Stone meinte at «Hunky Dory ikkje berre er det mest vinnande albumet til Bowie musikalsk sett, men han skriv ĂČg gode nok tekstar til at lyttaren kan utforske ideane hans pĂ„ komfortabelt vis, utan Ă„ stĂ„ i mot sperringa av tilsynelatande ugjennomtrengjelege tomme ord fĂžr dei forstĂ„r ideen.»[16] Men det var fĂžrst etter det kommersielle gjennombrotet med Ziggy Stardust i 1972 at Hunky Dory ĂČg vart ein hitt, og klatra til tredjeplassen i Storbritannia.[17] I 1973 gav RCA ut «Life on Mars?» pĂ„ singel, og denne nĂ„dde ĂČg tredjeplassen i Storbritannia.[18]
I 1998 stemde lesarane i musikkmagasinet Q fram Hunky Dory som det 43. beste albumet gjennom tidene, medan det same magasinet plasserte albumet pÄ 16. plass over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet rangert pÄ 107. plass av Rolling Stone pÄ lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Same Äret plasserte TV-kanalen VH1 albumet pÄ 47. plass og pÄ Virgin All-Time Top 1000 Albums-lista hamna det pÄ 16. plass. I 2004 vart det rangert pÄ 80. plass av Pitchfork Media pÄ lista deira over dei 100 beste albuma frÄ 1970-Ära. I 2006 valde TIME ut albumet som eit av dei 100 beste gjennom tidene.[3]
Bowie sjÞlv reknar albumet som eit av dei viktigaste i karrieren. I 1999 sa han: «Hunky Dory gav meg sÊrs god underdÞnning. Eg reknar med det gav meg, for fÞrste gong i livet mitt, eit faktisk publikum - eg meiner, folk kom faktisk opp til meg og sa, 'Bra album, gode songar' Det hadde ikkje skjedd meg fÞr. Det var som, 'Ah, no byrjar eg Ä forstÄ det. Eg starta Ä kommunisere det eg Þnskte Ä gjere. No, kva er det eg Þnskjer Ä gjere??' Det var alltid to sider der.»[19]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av David Bowie, bortsett frÄ der andre er nemnde
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Changes» | 3:37 |
| 2. | «Oh! You Pretty Things» | 3:12 |
| 3. | «Eight Line Poem» | 2:55 |
| 4. | «Life on Mars?» | 3:53 |
| 5. | «Kooks» | 2:53 |
| 6. | «Quicksand» | 5:08 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 7. | «Fill Your Heart» (Biff Rose, Paul Williams) | 3:07 |
| 8. | «Andy Warhol» | 3:56 |
| 9. | «Song for Bob Dylan» | 4:12 |
| 10. | «Queen Bitch» | 3:18 |
| 11. | «The Bewlay Brothers» | 5:22 |
I 1990 gav RykoDisc ut albumet pÄ CD med ekstra bonusspor. I 1999 vart albumet gjeve ut pÄ ny av Virgin/EMI (7243 521899 0 8), utan bonusspor, men med ny 24-bits digital lyd.
Bonusspor pÄ 1990-utgÄva
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 12. | «Bombers» | 2:38 |
| 13. | «The Supermen» (alternativ versjon spelt inn i 1971) | 2:41 |
| 14. | «Quicksand» (demoversjon frÄ 1971) | 4:43 |
| 15. | «The Bewlay Brothers» (alternativ miks) | 5:19 |
Songar
[endre | endre wikiteksten]Changes
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Changes av David Bowie.
Oh! You Pretty Things
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Oh! You Pretty Things.
Eight Line Poem
[endre | endre wikiteksten]«Eight Line Poem» fÞlgjer direkte frÄ «Oh! You Pretty Things», der opningsakkorden F fungerer som avslutningsakkorden i den fÞrre songen. Teksten er, som tittelen indikerer, eit dikt pÄ Ätte linjer og Bowie syng kvar linje pÄ ein ny mÄte, frÄ soul-smÞrsongar til talepedagog til plastikkcowboy.[20] Songen opnar med ein lengre intro av Mick Ronson pÄ gitar.
Songen vart spelt inn i juni-august 1971. Han vart sjeldan framfÞrt pÄ konsertar, men det finst opptak frÄ 25. september 1971 i Aylesbury og frÄ BBC fire dagar fÞr.
Life on Mars?
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Life on Mars?.
Kooks
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Kooks.
Quicksand
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Quicksand.
Fill Your Heart
[endre | endre wikiteksten]«Fill Your Heart» var ein song skriven av hippie-komikaren Biff Rose og Paul Williams. Bowie spelte songen pÄ konsertane sine tidleg i 1970 og han spelte songen inn for Hunky Dory, som den fÞrste coverversjonen hans sidan «I Pity The Fool».
Mick Ronsonlaga eit lett-orkesterarrangement, medan Rick Wakeman spelar ein pianosolo. Bowie spelar sjĂžlv saksofon.
Songen vart fÞrst framfÞrt av Bowie pÄ BBC den 2. februar 1970, og igjen den 21. september 1971. Hunky Dory-versjonen er spelt inn kring juli-august 1971 og vart lagt til albumet i siste augneblink, dÄ han erstatta «Bombers». Bowie opna konserten sin i Aylesbury med songen den 25. september 1971.[21]
Andy Warhol
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Andy Warhol av David Bowie.
Song for Bob Dylan
[endre | endre wikiteksten]Teksten til Bowie refererte direkte til Bob Dylan si hyllest til Woody Guthrie, «Song to Woody» frÄ eit tiÄr tidlegare, og Bowie syng songen med ei stemme som verkar Ä etterlikne Dylan. Der Dylan opnar med «Hey, hey, Woody Guthrie, I wrote you a song», opnar Bowie med Ä bruke fÞdenamnet til Dylan, «Hear this, Robert Zimmerman, I wrote a song for you.»[22] I songen skildrar Bowie stemma til Dylan «som sand og lim» («like sand and glue»).
Songen vart fÞrst framfÞrt pÄ BBC den 3. juni 1971, der han vart sungen av den gamle venen til Bowie, George Underwood. John Peel introduserte songen dÄ som «Here She Comes», som kan indikere at songen starta som ei Velvet Underground-hyllest.[23] Songen vart spelt inn for Hunky Dory ein mÄnad seinare, og vart spelt pÄ eit par konsertar i 1972.
Bowie sa seinare kvifor han skreiv songen i Melody Maker i 1976: «Det finst til og med ein song - Song for Bob Dylan â som fortel om kva eg Ăžnskjer gjere i rock. Det var pĂ„ den tida eg sa 'ok (Dylan) om du ikkje, sĂ„ gjer eg det.' Eg sĂ„g at stillinga som leiar stod tom. SjĂžlv om songen ikkje er den viktigaste pĂ„ albumet, sĂ„ representerte han kva albumet handla om. Om det ikkje var nokon som kom til Ă„ bruke rock 'n' roll, sĂ„ skulle eg gjere det.»[24]
Ronson spelte seinare med Bob Dylan i 1970-Ära under the Rolling Thunder Revue-konsertane. Bowie og Dylan mÞtte kvarandre nokre gonger i 1970- og 1980-Ära, og det er blitt sagt at Dylan var frekk mot Bowie.[23]
Queen Bitch
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Queen Bitch.
The Bewlay Brothers
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ The Bewlay Brothers.
Andre songar frÄ denne perioden
[endre | endre wikiteksten]Right on Mother
[endre | endre wikiteksten]«Right On Mother» var eit slags svar til «Oh! You Pretty Things»,og dekkjer generasjonsgapet som vart avbilda i sistnemnde. Det er ĂČg ein meir lukkeleg nyinnspeling av «Uncle Arthur», der foreldra, i staden for Ă„ sabotere for sonen sitt forhold til den nye jenta si, i staden tar i mot jenta.[25]
Songen vart spelt inn seint i 1970 eller i januar 1971. Bowie har aldri gjeve ut songen offisielt. Peter Noone spelte inn songen som ei B-side til «Walnut Whirl» i oktober 1971 med Bowie pÄ piano.
How Lucky You Are
[endre | endre wikiteksten]«How Lucky You Are» eller «Miss Peculiar», som han stundom vert kalla pĂ„ piratkopiplater, er ein song Bowie truleg skreiv samstundes med «Oh! You Pretty Things» og «Right on Mother». Teksten har eit liknande tema som «Under My Thumb» av The Rolling Stones om forteljaren i songen som fullstendig kontrollerer kvinna si. «When you sleep, you sleep by meâŠwhen you walk, you followâtwo steps behind!» (NĂ„r du sĂžv, sĂžv du ved sida av meg... nĂ„r du gĂ„r, fĂžlgjer du to steg bak).[26]
Songen gĂ„r i valsetakt og bĂ„de versa og avslutninga gjev ein smak av kabaret, som kan indikere at songen var ei hyllest til Jacques Brel. Songen gjev ĂČg hint om den framtidige Kurt Weill-hyllesta «Time».[26]
Bowie spelte berre inn ein demoversjon av songen. Han er aldri blitt gjeve ut offisielt.
Lightning Frighening
[endre | endre wikiteksten]«Lightning Frightening» er ein song som fĂžrst offisielt vart gjeve ut som bonusspor pĂ„ RykoDisc-utgĂ„va av The Man Who Sold The World, der det stod at songen var frĂ„ innspelinga av det albumet. Ein har sidan generelt vorte samde om at songen vart spelt inn seinare, anten seint i 1970 eller under Arnold Corns-innspelingane i mars-april 1971. Songen minner mykje om Crazy Horse sin «Dirty Dirty», som kom ut i februar 1971.[27] Songen er bygd opp av tre akkordar - A, G, E â som vert repetert om att og om att med saksofon, litt munnspel og slidegitar.
Rupert the Riley
[endre | endre wikiteksten]«Rupert the Riley» er ein song Bowie skreiv som ei hyllest til bilen sin, ein Riley Gamecock. Songen har lydeffektar, saksofon, piano og nynnande korvokal, og er blitt sagt Ä kunne likne noko frÄ den fÞrste plata til Roxy Music.[28]
Songen var nok eit forsÞk pÄ Ä skape ein oppdikta rock & roll-songar. Bowie hadde alt testa det med Freddi Buretti (pÄstÄtt frontmann i The Arnold Corns), og no gav han ein song til ei person med Mickey eller «Sparky» King (med scenenamnet Nick King). King var ein del av krinsen kring Bowie tidleg i 1970-Ära. I 1974 vart King knivdrepen av ein mann som ein av dei tidlegare kjÊrastane hans hadde leigd inn.
Songen vart spelt inn 23. april 1971 av Nick King All Stars, men aldri gjeven ut. Det finst to versjonar, ein med Bowie pÄ vokal og den andre sugnen av Mr. King, med Bowie pÄ korvokal.
Looking for a Friend
[endre | endre wikiteksten]Boie fortsette Ä prÞve forskjellige songarar, og dÄ han skulle spele for BBC for fÞrste gongen pÄ over eitt Är i Paris Cinema Studio tidleg i juni 1971 for eit radioprogram med John Peel tok han med seg fire andre songarar. Mark Carr Prichard (frÄ Arnold Corns), dei gamle venene Geoffrey Alexander og George Underwood, og Dana Gillespie, som Bowie nettopp hadde skrive «Andy Warhol» for. Prichard song pÄ «Looking for a Friend», som var skriven av Bowie og meint som B-sida av den andre singelen til Arnold Corns, som aldri kom ut. Prichard var sologitarist i Arnold Corns og spelte pÄ studioinnspeling av songen eit par veker seinare. Songen er ein standard rockelÄt i stil med Crazy Horse eller the Faces.[29]
Innspelinga for BBC vart gjort 3. juni 1971, medan Arnold Corns-singelen vart spelt inn 17. juni. Songen vart igjen spelt inn seint i 1971 under innspelinga av Ziggy Stardust, men aldri gjeven ut.
Man in the Middle
[endre | endre wikiteksten]«Man In the Middle» var ein song som var fÞreslÄtt som B-side «Looking for a Friend». Bowie fekk Freddi Buretti til Ä etterlikne stemma til Lou Reed for denne songen. Songen vart spelt inn 17. juni 1971 Arnold Corns-prosjektet vart lagt ned kort tid etter. Buretti skulle sidan designe kostyme for Bowie pÄ Ziggy- til Diamond Dogs-turneane.
Bombers
[endre | endre wikiteksten]«Bombers» var eit steg attende for Bowie til dei psykedeliske komediesongane frÄ debutalbumet, David Bowie. Songen handlar om pilotar som slepp bomber over ein avfallsplass der det bur ein gammal mann. DÄ rÞyken har lagt seg sit den gamle mannen der framleis, sÄ dei held fram med Ä sleppe bomber pÄ han. BÄde Pentagon og dronning Elizabeth II vert involvert, men ingenting blir avdekt. Bowie kalla det i 1972 ein parodi pÄ Neil Young.
Bowie debuterte med songen for BBC i juni 1971, og same sommaren spelte han inn songen i studio. Han vurderte Ä ta med «Bombers» pÄ Hunky Dory, men la etter kvart songen i skuffa. Songen vart fÞrst gjeven ut som bonusspor til Hunky Dory pÄ Rykodisc utgÄva av albumet i 1990.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Bowie â vokal, gitar, saksofon, piano
- Mick Ronson (som Michael Ronson) â gitar, vokal, mellotron
- Rick Wakeman (som Richard Wakeman) â piano
- Trevor Bolder â bass, trompet
- Mick Woodmansey (som Woody Woodmansey) â trommer
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Ken Scott â produsent, lydteknikar, miksing
- David Bowie â produsent
- Dr. Toby Mountain â remastering (for Rykodisc)
- Jonathan Wyner â assisterande remasteringslydteknikar (for Rykodisc)
- Peter Mew â remastering (for EMI)
- Nigel Reeve â assisterande remasteringslydteknikar (for EMI)
- George Underwood â plateomslag
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
| Ă r | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1972 | UK Albums Chart[30] | 3 |
| 1975 | Billboard 200[31] | 93 |
| 1972 | Noreg | 33 |
| 1972 | Australia | 39 |
| 2016 | New Zealand[32] | 30 |
Singel
| Ă r | Singel | Liste | Plassering |
|---|---|---|---|
| 1972 | «Changes»"\ | Billboard Hot 100 | 66 [33] |
| 1973 | «Life on Mars?» | UK Singles Chart | 3 [30] |
| 1975 | «Changes» | Billboard Pop Singles | 41 [33] |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Organisasjon | NivÄ | Dato |
|---|---|---|
| BPI â UK | Gull | 25. januar 1982[34] |
| BPI â UK | Platina | 25. januar 1982[34] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger pÄ «Hunky Dory» frÄ Wikipedia pÄ engelsk, den 21. januar 2007.
- Wikipedia pÄ engelsk oppgav desse kjeldene:
- Weisbard, Eric; Craig Marks (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. ISBNÂ 0-679-75574-8.
- â Kevin Cann (2010). Any Day Now â David Bowie: The London Years: 1947â1974: pp. 219â25, 231
- 1 2 Erlewine, Stephen Thomas. «(Hunky Dory > Review)». allmusic. Henta 22. januar 2015.
- 1 2 Josh Tyrangiel; Alan Light (13. november 2006). «The All-TIME 100 Albums». TIME. Time, Inc. Arkivert frÄ originalen 9. november 2007. Henta 1. mai 2011.
{{cite journal}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - â Dimery, Robert (2005). 1001 albums you must hear before you die. London: Quintet Publishing. s. 254. ISBN 9781844033928.
- â «500 Greatest Albums: Hunky Dory â David Bowie». Arkivert frĂ„ originalen 20. august 2011. Henta 1. mai 2011.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 7â11. ISBN 0380779668.
{{cite book}}: Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp) - 1 2 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination â David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 112. ISBN 075350457X.
- â Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 44. ISBN 0380779668.
- â Christgau, Robert (30. desember 1971). «Consumer Guide (22)». The Village Voice. New York. Henta 28. april 2013.
- â «David Bowie». Rolling Stone. Arkivert frĂ„ originalen 30. mai 2011. Henta 27. oktober 2014.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - â Weisbard & Marks, 1995. p.55
- â «David Bowie». Pitchfork.
- â Kevin Cann (2010). Any Day Now â David Bowie: The London Years: 1947â1974: p. 219
- â Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 40. ISBN 0-380-77966-8.
- â Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. s. 265â272. ISBN 1903111730.
- â Mendelsohn, John. «Hunky Dory». Rolling Stone. Arkivert frĂ„ originalen 14. desember 2006. Henta 24. juni 2008.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp); Italic or bold markup not allowed in:|publisher=(hjelp) - â Sheppard, David (February, 2007). «60 Years of Bowie». MOJO Classic: 24.
{{cite journal}}:|access-date=requires|url=(hjelp); Check date values in:|date=(hjelp) - â Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination â David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 624. ISBN 075350457X.
- â Chris Roberts interview with David Bowie in Uncut, October 1999, Issue 29.
- â Chris OâLeary. «Eight Line Poem». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016.
- â Chris OâLeary. «Fill Your Heart». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016.
- â Riley, Tim (1999). Hard Rain: A Dylan Commentary. Da Capo Press. s. 266. ISBN 0306809079.
- 1 2 Chris OâLeary. «Song for Bob Dylan». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016.
- â Hilburn, Robert (28. februar 1976). «Bowie: Now I'm A Businessman». Melody Maker.
- â Chris OâLeary. «Right on Mother». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016.
- 1 2 Chris OâLeary. «How Lucky You Are (Miss Peculiar)». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016.
- â Chris OâLeary. «Lightning Frigthening». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016.
- â Chris OâLeary. «Rupert the Riley». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016.
- â Chris OâLeary. «Looking for a Friend». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016.
- 1 2 «UK Top 40 Hit Database». Henta 22. januar 2015.
- â «(Hunky Dory > Charts & Awards > Billboard Albums)». Allmusic. Henta 22. januar 2015.
- â http://nztop40.co.nz/chart/albums?chart=4190
- 1 2 «(Hunky Dory > Charts & Awards > Billboard Singles)». Allmusic. Henta 22. januar 2015.
- 1 2 «BPI Certified Awards». Henta 22. januar 2015.
| 89:  Baduizm Erykah Badu |
Plassering pÄ lista til Rolling Stone frÄ 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 88 Hunky Dory David Bowie |
87:  Bitches Brew Miles Davis |
| 109:  Aftermath The Rolling Stones |
Plassering pÄ lista til Rolling Stone frÄ 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 108 Hunky Dory David Bowie |
107: Â Portrait of a Legend 1954-1964Â Sam Cooke |
- David Bowie-album
- Musikkalbum frÄ 1971
- Glamrock-album
- Album produserte av Ken Scott
- Album produserte av David Bowie
- Album spelte inn i Trident Studios
- EMI Records-album
- RCA Records-album
- Rykodisc-album
- Virgin Records-album
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2012
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2020