Hopp til innhald

Idlib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idlib
ادلب
by
Typsike olivenlundar i dalane kring Idlib
Land  Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Idlib-distriktet
Høgd 500 moh.
Koordinatar 35°56′N 36°38′E / 35.933°N 36.633°E / 35.933; 36.633
Areal 23 km²
Folketal 98 791 (2004[1])
Retningsnummer 23
Kart
Idlib
35°56′00″N 36°38′00″E / 35.933333333333°N 36.633333333333°E / 35.933333333333; 36.633333333333
Kart som viser Idlib.
Kart som viser Idlib.
Kart som viser Idlib.
Wikimedia Commons: Idlib
Nettstad: eIdleb

Idlib (arabisk ادلب, òg skrive Edlib eller Idleb) er ein by nordvest i Syria og hovdustaden i Idlib guvernement, 59 km vest for Aleppo. Han ligg nestne 500 meter over havet. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 98 791 i Idlib. Innbyggjarane er stort sett sunnimuslimar,[2] men det er òg ein større kristen minoritet. Idlib er delt inn i seks bydelar: Ashrafiyeh (den mest folkerike), Hittin, Hejaz, Downtown, Hurriya og al-Qusur.

Olivelundar i utkanten av byen. Idlib er eit stort senter for olivenproduksjon.

Idlibområdet er eit stort jordbrukssenter i Syria og er historisk viktig med mange «daudebyar» og menneskelagde tellar. Idlib omfattar den antikke byen Ebla, ein gong hovudstaden i eit mektig kongedøme,[3] den antikke kongedøma Nuhašše og Luhuti som blømde i bronse- og jernalderen.[4]

Den osmanske tida

[endre | endre wikiteksten]

Under Det osmanske riket i Syria, mellom 1500- og 1800-talet, var Idlib hovudstad i ein kada («nahiyahhovudstad») og ein del av det større Aleppo vilajet («provinsen Aleppo.»)[5] Byen var eit senter for olivenproduksjon som igjen gav opphav til ein lønsam olivenbasert såpeindustri. Sjølv omde i store marknadane for Idlib-såpe var Aleppo, Antiokia og Hama,[6] vart produktet eksportert så langt som den osmanske hovudstaden Istanbul. Idlib var òg ein storprodusent av bomullsfabrikkar.[7] Den vestlege turisten Josias Leslie Porter skreiv at Idlib var «omslutta av olivenlundar, sjeldan i dette nakne området.» Han skreiv òg at olivelundane var større enn dei i Damaskus, Beirut eller Gaza. Midt på 1800-talet hadde byen eit estimert folketal på 8 000, inkludert 500 kristne.[6] Seint på 1800-talet auka talet på kristne familiar i følgje tyske forfattarar som arbeidde for Karl Baedeker.[5]

Köppen-Geiger-systemet klassifiserer klimaet her som varmt middelhavsklima (Csa).[8] Somrane er varme og regnfattige, medan vintrane er regnfulle og kjølige.

Varmerekorden er frå 16. juni 2012 og er på 44 °C, medan kulderekorden frå 30. november 2011 er -4 °C.[9]

Vêrdata for Idlib
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 20 21 26 35 37 44 42 39 38 37 29 24 44
Gjennomsnittleg maks °C 9,9 12,2 16,7 22,2 28 31,7 33,2 34,2 31,8 26,7 18,7 12,2 23,1
Døgnmiddeltemperatur °C 6,2 7,7 11,3 15,8 20,9 25 27,1 27,8 25,1 20 13 8,1 17,3
Gjennomsnittleg min °C 2,5 3,2 6 9,5 13,8 18,4 21 21,4 18,4 13,4 7,4 4 11,6
Lågast målte °C −2 −3 1 3 8 15 18 20 15 4 −4 −4 −4
Gjennomsnittleg nedbør mm 97 88 59 41 18 5 0 0 6 25 41 93 473
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 432m)[8]Voodoo Skies for temperaturrekordar[9]

Hovudnæringa i Idlib er oliven, bomull, kveite og frukt, særleg kirsebær.[3] Andre avlingar er mandlar, sesamfrø, fiken, druer og tomatar.[10] I 1995 var det kring 300 hektar med forskjellige sitrusavlingar.[11] Olivenoljepressing og tekstilar er somme av dei lokale industriane i byen.[10] Den nærliggande byen Aleppo har vore økonomisk viktig for Idlib.[3]

Idlib regionsmusem i byen har over 17 000 Ebla-tavler og er hovudattraksjonen i Idlib, om ein ser bort frå sjølve antikkbyen Ebla. Ved hjelp frå Italia starta eit prosjekt i 2010 for å restaurere og renovere museet.[12]

Omayya Idlib, grunnlagd i 1972, er den mest populære fotballklubben i byen. Klubben spelte i den øvste divisjonen i Syria i 2011-2012. Idlib stadion er den største fotballstadionen i byen.

  1. ↑ Idlib folketal, arkivert frå originalen 13. mars 2013, henta 12. juni 2014 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. ↑ Mroue, Bassem. «Syrian forces capture rebel stronghold near Turkey". The Salt Lake Tribune. Associated Press. 12. juni 2011. Henta den 12. juni 2011.
  3. 1 2 3 Casule, 2008, s.56.
  4. ↑ John David Hawkins. Inscriptions of the Iron Age: Part 1. s. 400.
  5. 1 2 Baedeker, 1912, s.376.
  6. 1 2 Porter, 1868, s. 580.
  7. ↑ Inalcik, 1997, s.501.
  8. 1 2 «Climate: Idlib - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 11. juni 2014.
  9. 1 2 «Idlib i Syria». Voodoo Skies. Henta 11. juni 2014.
  10. 1 2 Idlib in Syria. Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica Inc. 2012. Henta den 12. juni 2011.
  11. ↑ Food and Agriculture Organization of Dei sameinte nasjonane, 1996, s. 147.
  12. ↑ Ferrari, 2009, s. 522.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]