Hopp til innhald

Paraboloide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotasjonsparaboloide
Ei flate skildra ved hjelp av ein hyperbolsk paraboloide.

Paraboloide er eit spesielt døme på ein andregradsflate, gjeve ved eit matematisk uttrykk som x²/a2 – y²/b2 = z, noko som avgjer ein sadelforma flate.

Innanfor arkitektur og bygningsindustri kan det vere den matematiske nemninga for ein salforma takkonstruksjon, som til dømes den på Strandby kyrkje i Frederikshavn. Som takkonstruksjon er denne forma interessant, fordi kvar og ei kraft som påverkar flata vinkelrett kan opptakast av trekkrefter i sjølve flata. Dermed er det mogleg å konstruere eit stivt tak med stor spennvidd av ein relativt tynn membran og heilt utan berande taksperrer. Denne forma for konstruksjon vart utvikla i samband med bygginga av det olympiske stadionet i München i 1968. Faktisk vart metoden nytta av Antoni Gaudi i Spania alt i byrjinga av førre hundreåret. Eit anna døme på denne bygningskonstruksjonen er Pengrowth Saddledome i Calgary, Alberta i Canada som blir meint å ha ein av dei største takkonstruksjonane av denne arta i verda.

Ein parabloide er dessutan ei av dei einaste såkalla organisk formene ein kan frambringa ut frå berre rette linjer.

Ein hyperbolsk paraboloide blir skildra av likninga

(xa)2−(yb)2+2z=0

Desse skjeringslinjene med eit plan er vanlegvis parablar eller hyperblar.